Verrafjorden

Koordinatar: 63°34′10.736″N 9°33′4.4604″E / 63.56964889°N 9.551239000°E / 63.56964889; 9.551239000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°34′10.736″N 9°33′4.4604″E / 63.56964889°N 9.551239000°E / 63.56964889; 9.551239000 Verrafjorden er ein fjordarm av Trondheimsleia i Orkland i Trøndelag fylke. Fjorden strekkjer seg 8 km aust- og sørover til Steinsdalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom sjølve Agdenes i nord og Seterneset i sør. Fjorden går først austover, men svingar sørover ved Lauvneset. Det ligg gardsbruk langs heile austsida av fjorden, medan vestsida ikkje er utbygd. Vestsida stig forholdsvis bratt opp til 400-500 meter over havet. Her ligg Terningsheia på 531 moh og Håkavikfjellet på 518 moh.