Versailles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Versailles
Frå sentrum av Versailles, med kyrkja Notre Dame
Frå sentrum av Versailles, med kyrkja Notre Dame
Byvåpenet til Versailles
Byvåpenet til Versailles
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Yvelines
Geografi
Flatevidd
 - By

26,18 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

86 400
  3 300/km²
Koordinatar 48°48′19″N 2°8′6″EKoordinatar: 48°48′19″N 2°8′6″E
Høgd over havet 132 m
Diverse anna
Heimeside: Offisiell heimeside

Versailles er eit område vest for Paris sentrum i Frankrike. Versailles er ein forstad til Paris, men har status som by. Versailles er kjend for Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles). Slottet eller palasset vert ofte berre kalla Versailles. Slottet vart mykje nytta av kongane av Frankrike. I periodar på 1600 og 1700-talet, i tida som vert kalla Ancien Régime, var Versailles i røynda hovudstad i Frankrike. Hoffet og dei øvste styresmaktene heldt til i området.

Versailles er administrasjonsstad (Préfecture- prefektur) for det franske departementet Yvelines. Departementet ligg i den franske regionen Île-de-France.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Versailles