Verst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verst er ei gamal russisk lengdemålseining (på russisk: верста) som svarar til 1 066,78 meter, soleis om lag ein kilometer. Eininga svarar til sjudelen av ein russisk mil, og vart delt inn i 500 sasjen eller 1500 arsjin (russiske alen). Ettersom eininga var i bruk på 1800-talet, vil ho vere godt kjend her i landet for lesarar av dei store russiske romanane frå denne tida.

I Finland har dei nytta nemninga virsta, men denne finske virsta var tilpassa for å svare til ein tidels gamal svensk mil, og difor 1 068,8 meter lang. I Polen har dei hatt polsk verst som svara til ein sjudel av ein polsk mil og var på 1 020,8571 meter.