Veselin Topalov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veselin Topalov


Fødenamn Веселин Топалов
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 15. mars 1975 (49 år)
Ruse
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 1998, Sjakk-OL 2000, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016

Utmerkingar

Sjakk-Oscar, Verdsmeisterskapen i sjakk

Veselin Topalov 2007 i Iraklio

Veselin Topalov (fødd 15. mars 1975 i Ruse) er ein bulgarsk sjakkspelar. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste per 1. januar 2009 låg han på førsteplass med ein FIDE-rating på 2796.

Verdsmeister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vann han FIDE si turnering om Verdsmeisterskapen i sjakk i San Luis i Argentina og vart dermed offisiell verdsmeister i sjakk.

Denne tittelen tapte han i «gjenforeiningskampen» mot Vladimir Kramnik i 2006.

Eit av vilkåra i gjenforeningskampen var at vinnaren - altså Kramnik - skulle delta i VM-turneringa i Mexico City i september 2007. Som eit plaster på såret tildelte FIDE Topalov ein tvikamp mot vinnaren av Verdscupen i sjakk 2007 Gata Kamsky, USA, om retten til å utfordre verdsmeisteren i sjakk Viswanathan Anand til VM-kamp.

Tvekampen Kamsky-Topalov gjekk i Sofia, Bulgaria over 8 parti 16. til 28. februar 2009. Topalov vann kampen den 26. februar etter 7 parti, etter å ha vunne det andre, femte og sjuande partiet - Kamsky vann det fjerde, dei andre tre partia vart remis. Dermed 4,5-2,5 til Topalov.

Tvekampen om verdsmeisterskapen mot Anand er ikkje tidfesta enno, men er planlagt til seinare i 2009.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Topalov lærte å spele sjakk av far sin då han var åtte år gamal. Han viste snart stor framgang, og 1989 vann han VM for ungdom under 14 år i Aguadilja i Puerto Rico. Han blei stormeister i sjakk i 1992.

Topalov har vore førstebordspelar på Bulgaria sitt lag i sjakk-olympiaden (lag-VM i sjakk) sidan 1994. Under sjakkolympiaden i 1994 i Moskva slo han verdsmeisteren Garri Kasparov (sjå under). Dette medverka sterkt til at Bulgaria fekk ein fjerdeplass i meisterskapen.

Viktige turneringsresultat og Sjakk-Oscar[endre | endre wikiteksten]

Sjakkturneringar[endre | endre wikiteksten]

Topalov har vunne mange store sjakkturneringar. Her er lista opp dei viktigaste sigrane, i tillegg til plasseringane i VM 2000 og 2004.

Sjakk-Oscar[endre | endre wikiteksten]

Topalov vann Sjakk-Oscar for året 2005. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over. Det russiske sjakkbladet 64 har delt ut prisen sidan 1995.

Sjakk-parti[endre | endre wikiteksten]

Topalov har spelt mange gode parti. Han klarte mellom anna å vinne mot Kasparov i det siste sjakkpartiet Kasparov spelte før han la opp i 2005, i siste runde i turneringa i Linares i Spania. Eit av dei mest minneverdige var det ovanfor nemnde partiet mot Kasparov frå sjakk-olympiaden i Moskva i 1994, der Topalov berre var 19 år gamal:

Topalov-Kasparov, Moskva-olympiaden 1994[1]

1.e4 c5 2.Nf3 d6 3.d4 cxd4 4.Nxd4 Nf6 5.Nc3 a6 6.Be3 e6 7.g4 h6 8.f4 Nc6 9.Be2 e5 10.Nf5 g6 11.Ng3 exf4 12.Bxf4 Be6 13.Rf1 Rc8 14.h3 Qb6 15.Qd2 Bg7 16.Bxd6 Nxg4 17.Bxg4 Qxb2 18.e5 Nxe5 19.Rb1 Qxc3 20.Qxc3 Rxc3 21.Bxe6 fxe6 22.Rxb7 Nc4 23.Bb4 Re3+ 24.Ne2 Be5 25.Rff7 Rxh3 26.Nd4 Re3+ 27.Kf1 Re4 28.Rfe7+ Kd8 29.Nc6+ 1-0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]