Vesen i Harry Potter-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I bok- og filmserien Harry Potter av J.K. Rowling finst det eit stort tal fabeldyr og vesen. Her er ei samling av nokre av dei.

Magidepartementets klassifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Magidepartementets (MD-) klasse er ei kvalifisering av ei rekkje vesen i Harry Potter-serien.

X Kjedeleg.
XX Harmlaus - kan temmast.
XXX Bør kunne taklast av ein normalt kyndig trollmann.
XXXX Er farleg og krev spesialkunnskap. Kan behandlast av særleg kyndige trollmenn.
XXXXX Kan ikkje dresserast eller temmast og er ein berykta trollmannsdrepar.

Havfolk[endre | endre wikiteksten]

For utdjupande artikkel, sjå Havfolk.

Akromantula[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse:XXXXX

Akromantula (engelsk: Acromantula) er eit monstrum som kan få diameter over 4,5 meter. Kongroa på åtte bein har stive, svarte dekkjande hår over heile kroppen og når dyret er opphissa eller sint gjev det frå seg ein karakteristisk klikkelyd.

Basilisk[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse:XXXXX

Basilisken er også kjent som Slangekongen. Den fyrste Basilisken blei avla fram av trollmannen Herpo den grimme. Han fann ut at eit hønseegg ruga under ei padde resulterte ein gigantisk monsterslange med ekstremt farlege eigenskapar. Alle som ser ein basilisk inn i dei gule auga hans, døyr med ein gong.

Bedrumle[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse:XXX

Bedrumle (engelsk: Glumbumble), er eit grått, flygande insekt som er lòde og finst i Nord-Europa. Honningen gjev ein melankolsk verknad.

Inferi[endre | endre wikiteksten]

Ein inferi er eit lik som har blitt forheksa av ein trollmann til å gjere deira som dei byr.

They are corpses, dead bodies that have been bewitched to do a Dark wizard's bidding.

Inferi have not been seen for a long time, however, not since Voldemort was last powerful....

He killed enough people to make an army of them, of course.

- Albus Humlesnurr om inferiar

Poligeistar[endre | endre wikiteksten]

Ein poligeist kan forbindast med eit spøkelse, men det er ikkje gjennomsiktig, men solid og har aldri vore eit menneske. Den er ei ånd som når ho fyrst har busett seg ein plass, ikkje kan flytte eller bli driven vekk derifrå. Poligeistar elskar å lage bråk og lure andre, som er omtrent det einaste dei lever for - å lage kaos.

Galtvort bur poligeisten Gnav (Peeves på engelsk). Han har budd på Galtvort sidan 993 e.Kr. Dei einaste som kan kontrollere han er rektoren Albus Humlesnurr og den blodige baronen, som er Smygards husspøkelse.

Hambuse[endre | endre wikiteksten]

Ingen veit korleis ein hambuse ser ut fordi den tek form etter den største redsla til den fyrste personen den møter. Dei trivst på mørke stader. Formelen som kan drive vekk ein hambuse er 'absurudulum'.

Kjendte karakterars hambuse[endre | endre wikiteksten]

Remus Lupus = Fullmåne.

Harry Potter = Desperant.

Katti Bull = Lord Voldemort.

Molly Wiltersen = Dei ho er glad i, daude.

Nilus Langballe = Severus Slur.

Lord Voldemort = Seg sjølv daud.

Ronny Wiltersen = Edderkopp.

Parvati Partil = Slange.

Desperant[endre | endre wikiteksten]

Desperantar er av dei mest avskyelege vesena som går på denne jorda. I Harry Potter-filmane svevar dei, men i bøkene blir det skildra som at dei går med føter. Dei syg ut alle gode minne til menneska som kjem nær dei og kan gje dei Desperantane sitt kyss. Då festar dei munnen sin til offeret sitt, og syg ut sjela. Den drep ikkje offeret sitt, men syg altså ut sjela. Formelen for å drive vekk ein desperant er Forvento vergum, eller på engelsk expecto patronum.

Blærball[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse: XX

Ein blærball er kulerund og dekt av mjuk, vaniljefarga pels. Dei finst verda over og er eit fredsamt dyr som ikkje har noko imot å bli slengt her og der. Blærballar er populære kjæledyr og har ein spesiell forkjærleik til å stikke tunga opp i nasen til sovande trollmenn for å ete busemenn. Dei er veldig lettstelte og gjev frå seg ei låg summing når dei er nøgde. Tunga deira er lang, lyseraud og altetande. Den et alt frå matrestar til edderkoppar.

Lethifold[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse: XXXXX

Lethifold også kalla Levande liklaken er heldigvis utruleg sjeldne og lever berre i tropiske strøk. Den går til åtak på offeret medan det søv, ved å kvele det. Dei fordøyer det så der og då, altså i offerets eiga seng. Så glir den vidare ut av huset, tjukkare enn når den kom og utan noko som helst spor etter seg utanom at offeret er borte. Det er difor vanskeleg å fastslå kor mange som har vorte drepne av ein lethifold.

Drake[endre | endre wikiteksten]

For utdjupande artikkel, sjå Fabeldyret drake.

Einhyrning[endre | endre wikiteksten]

For utdjupande artikkel, sjå Einhyrning.

Vingehest[endre | endre wikiteksten]

Vingehestar finst verda over. Dei er brukt på vognene til Beauxbatons Magiakademi.

Hippogriff[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse: XXX Eit magisk vesen som er halvt ørn og halvt hest og stammar frå Europa.

Kimære[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse: XXXX Dette greske monstrumet har løvehovud, geitekropp og drakehale. Det er veldig farleg og sjeldant.

Gnom[endre | endre wikiteksten]

Gnomar er korte vesen som kan likne menneske. På andre språk heiter gnomar;

    • Engelsk: Goblin
    • Bulgarsk: гоблин (goblin)
    • Tsjekkisk: Skřet
    • Nederlandsk: kobold
    • Fransk: Gobelin
    • Tysk: Kobold
    • Moderne gresk: Καλικάντζαρος
    • Latin: daemon
    • Portugisisk (Brasil): Duendes

Griff[endre | endre wikiteksten]

For utdjupande artikkel, sjå Griff.

Femfot[endre | endre wikiteksten]

MD-klasse: XXXXX Denne livsfarlege hårklumpen med fem hårete bein har ein spesiell appetitt for menneske.

Husnisse[endre | endre wikiteksten]

Ein husnisse er eit vesen som jobbar som tenar for ein fullblods trollmannsfamilie. Husnissen må jobbe for familien heilt til den døyr eller viss den blir sett fri. Han blir fri når herren hans gjev klede til husnissen.

Noldus[endre | endre wikiteksten]

Modell av hovudet til Noldus som brukt i filmatiseringa.

Husnissen Noldus dukkar opp fyrst i den andre boka. Noldus på andre språk er;

  • Noldus (Husnisse)
    • Engelsk: Dobby
    • Bulgarsk: Доби (Dobi)
    • Kinesisk (PRC): 多比
    • Kinesisk (Taiwansk): 多比
    • Tsjekkisk: Dobby, domácí skřítek
    • Nederlandsk: Dobby
    • Fransk: Dobby
    • Tysk: Dobby
    • Moderne gresk: Ντόμπι (Σπιτικό ξωτικό)
    • Italiensk: Dobby
    • Japansk: Dobby (Dobī, ドビー)
    • Latvisk: Dobijs (mājas elfs)
    • Polsk: Zgredek
    • Russisk: Добби (Dobbi)
    • Serbisk: Dobi
    • Slovakisk: Dobby
    • Thai: ด็อบบี้

Blunka[endre | endre wikiteksten]

Blunka er med i den fjerde boka, Ildbegeret, men kom ikkje med i filmen.

  • Blunka (Husnisse)
    • Engelsk: Winky
    • Bulgarsk: Уинки (Uinki)
    • Kinesisk (PRC): 閃閃
    • Kinesisk (Taiwansk): 眨眨
    • Tsjekkisk: Winky, domácí skřítka
    • Nederlandsk: Winky
    • Fransk: Winky
    • Tysk: Winky
    • Latvisk: Vinkija
    • Polsk: Mrużka
    • Russisk: Винки (Vinki)
    • Thai: วิงกี้

Kjelder[endre | endre wikiteksten]