Vesjti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unggut med vesjti, skjorte, angavastram og solbriller.
Vesjti bretta opp av ein mann som klatrar opp i ein palmyrapalme.

Vesjti eller vetti (engelsk skrivemåte veshti) er eit sørindisk klesplagg brukt av menn. Ein vesjti er eit rektangulært tøystykke som blir drapert om underkroppen og festa i livet som ein sarong.[1] Vesjtiar er som regel einsfarga kvite (eller naturfarga) og har ofte ein bord nedst.[1]

Plagg til daglegbruk er laga av bomull og kan ha ein farga bord. Plagg til høgtidsbruk er av silke og har ofte gullbord. Vesjti-klede kan vera 2, 4 eller 8 yard lange - dei lengre versjonane er gjerne meir formelle. Ein vesjti kan vera ankelsid, men kan også brettast opp slik at han berre når knea.[1] Vesjtien kan brukast saman med skjorte, kurta, eit tøystykke drapert over overkroppen (angavastram) eller med berr overkropp.

Vesjti er kvardagsplagg i Sør-India, sjølv om bukser også er mykje brukt. Politikarar kan bruka har for å visa at dei er ein del av foket.[1] Det kan vera påkravd å bruka vesjti i tradisjonelle bryllaupsseremoniar og i tempel.[2] Andre stader kan plagget vera uvanleg eller til og med forbode, som i fornemme klubbar frå kolonitida.[3]

Plagget har mykje til felles med dhoti, som blir brukt nord og aust i India, og blir tidvis omtalt som «dhoti» eller «South Indian dhoti». Bruken skil seg likevel gjennom at vestji blir bore som eit skjørt og dhoti meir som ei bukse. Vesjti kan også minna om lungi, men er ikkje sydd saman i sida slik denne er.[1] Sarong blir brukt på om lag same måte, men er som regel stormønstra medan vesjtiar er einsfarga kvite med enkle bordar. Namnet «vesjti» blir brukt på tamil og malayalam. Andre namn som kan brukast om plagget er panche (kannada), pancha (telugu) og mundu (malayalam).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Reshmi R Dasgupta. «Cocktail Conversations: Veshti Vs Dhoti», Economic Times (15 May, 2011)
  2. «Temples of Kerala: Trichambaram Shree Krishna Temple, Kannur», myyatradiary.com (June 10, 2013)
  3. Sushini Raj. «Indian Club’s Ban on Dhotis in Favor of Western Attire Draws Protests». New York Times (July 16, 2014)
  4. «South Indian Dhoti« Arkivert 2015-03-02 ved Wayback Machine., ramrajcotton.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vesjti