Vesle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vesle
Utspring Nær Somme-Vesle
- Høgd 187 m
Munning Aisne
- Høgd 142 m
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 140 km
Renn gjennom Reims

Vesle er ei elv i Frankrike, og ei av sideelvane til elva Aisne. Ho er 140 km lang, og renn stort sett i departementet Marne, og mellom anna gjennom byen Reims.

Vesle har sitt utspring i ei høgd på 187 meter nær langsbyen Somme-Vesle, aust for Châlons-en-Champagne. Elva startar ut som ei kalkelv, som renn over kalkgrunn, og renn gjennom Reims. Etter Reims går elva inn i eit skogkledd område vest for byen.

Elva følgjer europaveg E46 mellom Reims og Soissons. Midt mellom dei to, ved Fismes mottar Vesle elva Ardre frå venstre. Vegen ved elva har sett mange kongar, keisarar og arméar gjennom hundreåra. Dei franske kongane vart krona ved Reims, og reiste vanlegvis tilbake til Paris langs denne vegen.

Vesle munnar ut i Aisne ved Condé-sur-Aisne .

Vesle renn gjennom følgjande departement og byar: