Vesle St. Bernhard-passet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
x
Vesle St. Bernhard-passet
Col du Petit Saint Bernard
Col du Petit Saint Bernard

Col du Petit Saint Bernard

Sørvest Nordaust
Passhøgd 2 188 m
Region Département Savoie, Frankrike Region Aostadalen, Italia
Vasskilje IsèreRhône Dora BalteaPo
Stader Bourg-Saint-Maurice Pré-Saint-Didier
Samband D 1090 (asfaltert veg) Strada statale 26 della Valle d'Aosta
Fjellområde Dei graiiske Alpane
Profil
Stigning (snitt) 4,5 %x (1 184 m / 31 km) 5,1 %x (1 380 m / 22,6 km)
Kart
Vesle St. Bernhard-passet (Alpen)
Vesle St. Bernhard-passet (Alpen)
Vesle St. Bernhard-passet
Vesle St. Bernhard-passet
x
Koordinatar 45° 40′ 49″ N, 6° 53′ 2″ AKoordinatar: 45° 40′ 49″ N, 6° 53′ 2″ A

Vesle St. Bernhard-passet (fr. Col du Petit Saint-Bernard; it. Colle del Piccolo San Bernardo) er eit 2 188 moh. høgt fjellpass i Dei graiiske Alpane som bind saman Isèredalen i det franske Departementet Savoie med Aostadalen. Vegen over passet blei bygd av Napoleon III.

Grensa mellom Italia og Frankrike går over passet. Etter at Italia erklærte krig mot Frankrike den 10. juni 1940 under den andre verdskrigen gjekk det føre seg krigshandlingar i passet, der den italienske sida åleine leid eit tap på 600 liv.

På den franske sida står det ein monolitt rett før passhøgda. Ein gong stod det ein statue av romarguden Jupiter på den, i dag står det ein av den kristne helgenen Bernhard von Menthon. Han skal ha grunnlagd eit hospits i passet, men av det er det berre ruinar att.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Tour de France har passert over passet fleire gonger.[1][2][3]

År Etappe Kategori Leiar over passhøgda
2009 16 1 Franco Pellizotti
1963 17 2 Federico Bahamontes
1959 18 1 Michele Gismondi
1949 17 2 Gino Bartali

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]