Vesle krigsøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesle krigsøya eller Malo Ratno Ostrvo (serbisk Мало Ратно Острво) er ei elveøy (ada) i Serbia som ligg der elva Sava munnar ut i Donau. Ho høyrer til byen Beograd og kommunen Zemun.
Plassering [endre]
Øya ligg mellom Store krigsøya og høgresida av Donau som ligg i kommunen Novi Beograd, berre 200 meter frå der Sava munnar ut i Donau.
Kjenneteikn [endre]
Øya vart mykje større før den andre verdskrigen. Då bygginga av Novi Beograd starta i 1948 vart sand flytta frå øya tli fastlandet på store transportband og dekka myra som den nye byen vart bygd på. Dette førte til at øya vart langt mindre.
Det som er att av øya er i hovudsak ei tynn landstripe som er mindre enn 300 meter lang og 60 meter brei. Øya er dekka av vegetasjon (poppel) og er ikkje tilgjengeleg for folk.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Malo Ratno Ostrvo» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2009.