Veslepolske voivodskap
| Veslepolske voivodskap Województwo małopolskie |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Land: | Polen | ||||
| Hovudstad: | Kraków | ||||
| Fylke: | 3 byar og 19 landfylke | ||||
| Gmina: | 182 | ||||
| Folketal: | 3 267 731 (2006) | ||||
| Areal: | 15 108 km² | ||||
| Folketettleik: | 216 /km² | ||||
| Heimeside: | www.malopolskie.pl/ | ||||
Veslepolske voivodskap (polsk województwo małopolskie eller berre Małopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i Polen, har eit areal på 15 108 km² og eit folketal på 3 267 731.
Innhaldsliste |
Historie og geografi [endre]
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kraków, Tarnów, Nowy Sącz og delar av Bielsko-Biała og Katowice. Provinsen har fått namn etter den historiske regionen Małopolska eller Veslepolen.
Provinsen grenser i nord til Świętokrzyskiefjella (Góry Świętokrzyskie), i vest til Jura Krakowsko-Częstochowska og i sør til Tatrafjella, Pieninyfjella og Beskidane. Politisk grenser han til Schlesiske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nord, Subkarpatiske voivodskap i aust og Slovakia i sør.
Veslepolske voivodskap var ein del av det gamle Małopolska, som i lag med Storpolen (Wielkopolska) og Schlesien (Śląsk) utgjorde den tidlege polske staten i mellomalderen.
Nesten heile Veslepolen ligg innanfor nedslagsfeltet til Wisła. Byen Kraków var europeisk kulturby i 2000.
Byar og landsbyar [endre]
Voivodskapet inneheld 57 byar og byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):
|
1. Kraków (756 757) |
29. Wolbrom (9 075) |
Administrativ inndeling [endre]
Veslepolske voivodskap er delt inn i 22 fylke (powiat): 3 byfylke og 19 landfylke. Desse er vidare delt inn i 182 gmina.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lesser Poland Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2008.
|
|
||
|---|---|---|
|
Storpolske · Kujaviskpommerske · Veslepolske · Łódź · Nederschlesiske · Lublin · |
||