Vest-Finnmark reinbeiteområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vest-Finnmark reinbeiteområde er ein del av reindriftsforvaltningen i Noreg. Reinbeiteområdet har eit totalareal på 24 400 km², og omfattar den vestre delen av Finnmark og den nordlegaste delen av Troms fylke. Kommunegrensa mellom Karasjok og Kautokeino deler mellom Øst- og Vest-Finnmark reinbeiteområde.

Reinbeiteområdet er delt inn i 29 reinbeitedistrikt. Reinbeiteområde er leia av eit områdestyre med medlemmer oppnemnde av Fylkestinget og Sametinget.

Om lag halvparten av distrikta innanfor Vest-Finnmark reinbeiteområde har sommarbeite i Troms fylke. Dei brukar fellesbeita i Kautokeino om våren, sommaren og hausten.

Vest-Finnmark reinbeiteområde grensar til Øst-Finnmark reinbeiteområde og Troms reinbeiteområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reindriftsforvaltningen i Noreg - om reinbeiteområda