Vestavindsbeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestavindsbelta og passatvindane.

Vestavindsbeltet er område på begge jordhalvkulene mellom om lag 35. og 65. breiddegrad der det stort sett bles vindar frå vest. Beltet er sterkast utvikla på den sørlege halvkula.

Vestavindsbeltet grensar mot tropane av det subtropiske høgtrykket, og mot polarområda av den variable, og ofte uskarpe polarfronten. Ved sidan av passatvindane, er vestavindsbelta det mest rådande trekket i det globale sirkulasjonsmønsteret. Vinden er mest stabil, og som regel sterkare, på den sørlege halvkula, der det er få landmassar til å forstyrre vinden. Her i sør vert desse vindane kalla «dei brave vestavindane» (the roaring forties på engelsk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«vestavindbelter» i Store norske leksikon, snl.no.