Vestborg vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestborg vidaregåande skule
MottoVi oppdagar saman
Org.formAksjeselskap
Org.nummer988978132
Grunnlagd1949
Region/fylkeMøre og Romsdal
KommuneStranda
AdresseHevsdalsvegen 11, 6200 Stranda
EigarNorsk Luthersk Misjonssamband
RektorGeir Magne Engås (2008-)
Elevar91 (2016)
Nettstadwww.vestborg.no
Kart
Vestborg vidaregåande skule
62°18′30″N 6°55′12″E / 62.3084°N 6.92°E / 62.3084; 6.92

Vestborg vidaregåande skule er ein kristen internatskule i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Skulen er driven av Norsk Luthersk Misjonssamband og tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. To gonger i året gir skulen ut bladet Vestborgkontakt. Skulen har heile landet som inntaksområde.

Vestborg har fleire gonger dei siste åra sendt elevar til finalen i Abelkonkurransen[1][2] og Den internasjonale matematikkolympiaden.[3][4] Skulen er kjend gjennom Elevundersøkelsen for sin høge trivsel blant elevane.[5] Tal frå den nyaste undersøkinga viste at skulen skårar betre enn landsgjennomsnittet og gjennomsnittet i fylket på alle dei tolv vurderingsfelta, som mellom anna tar for seg meistring, trivsel, elevdemokrati, fysisk læringsmiljø, motivasjon, mobbing i skulen, fagleg vegleiing, medråderett og karrierevegleiing.[6][7]

Februar kvart år arrangerer skulen Vestborg KRIK-Cup,[8] ein innandørs fotballcup i Strandahallen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulen starta som Storfjord handelsskule 9. januar 1949, og skifta i 1954 namn til Vestborg handelsskule. Først i 1981 blei skulen omgjord til videregående skule med dagens namn: Vestborg Vidaregåande Skule.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Vikenes (1949-1962)
  • Gunnar Skotte[9](1962-1986)
  • Bernhard Belt (1986-1993)
  • Svein Roar Grønbeck (1993-1998)
  • Lars Birger Stige (1998-2005)
  • Odd Rannestad (2005-2008)
  • Geir Magne Engås (2008-

Opplæringstilbod[endre | endre wikiteksten]

Skolen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde:


Studiespesialisering[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet[10] er forberedande for vidare studiar ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.

I Vidaregåande trinn 1 (VG1) er utdanningsprogrammet hovudsakleg likt offentlege skular og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. Sidan Vestborg er ein kristen skule får elevane òg undervising i faget kristendom. Vestborg tilbyr framandspråket spansk i skuleåret 2016/17.

Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På båe trinn vel ein 3 programfag kor minst 2 må vere innanfor eit vald programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Innan programområdet realfag tilbyr skulen undervising i matematikk, fysikk og kjemi. Innan programområdet språk, samfunnsfag og økonomi tilbyr skulen undervising i internasjonal engelsk og sosiologi på VG2, sosialkunnskap og engelskspråkleg litteratur og kultur på VG3. I tillegg kan elevar frå båe programområda velje faga breiddeidrett og økonomistyring. Fellesfaga på andre trinn er framandspråk, historie, kroppsøving, kristendom, matematikk og norsk, og på tredje trinn historie, kroppsøving, norsk og religion.

Påbygging til generell studiekompetanse[endre | endre wikiteksten]

Dette utdanningsprogrammet er meint å gje elevar generell studiekompetanse etter først å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregående trinn 2 (VG2).[11] Fellesfaga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til programfaget sosiologi. Sidan elevar i påbyggingsklassen berre er elevar ved skulen eitt år har dei fortrinnsrett på skulens ekstratilbod: Internasjonalt Program og KRIK-programmet.[12]

Samarbeid med KRIK[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2015 starta skulen eit årleg KRIK-program,[13] som eit tillegg til det ordinære studiespesialiserende løpet. Kristen Idrettskontakt (KRIK) har lenge samarbeida om KRIK-linjer med folkehøgskular i heile landet, men dette er første gong dei har deltatt i eit samarbeid med ein vidaregåande skule.[14] Målet med programmet er at elevane skal få leiartrening i eit lokalt KRIK-lag, trening i organisering og relasjonsbygging gjennom å planleggje og gjennomføre OFF-PISTE-leiren[15] og Vestborg KRIK-Cup,[16] samt høve til å nytte naturen aktivt. Skulen har vald pudder og padling som to fokusområde for programmet, på grunn av nærleiken til Storfjorden, Geirangerfjorden, Strandafjellet og Sunnmørsalpane elles.[17] Programmets kanskje mest kontroversielle del, pudderalarmgarantien, gjer elevane høve til å omdisponere opp til seks skuledagar til tid i skitrekket.[18] Programmet har ikkje eksamen eller vurdering med karakter, men fører fram til eit vedlegg til vitnemålet som skildrer pensum, praksis og omfang.

Internasjonalisering[endre | endre wikiteksten]

  • Internasjonalt Program

Skulen starta hausten 2015 med Internasjonalt Program (IP) for elevar på andre og tredje trinn, samt påbyggingsklassen.[19] IP er eit program ein kan velje på toppen av det ordinære løpet og inneber ein time ekstra undervising i veka. Undervisinga går føre seg på engelsk. Målet er at elevane skal utvide sin horisont kulturelt, samfunnsfagleg og humanitært, i tillegg til å lære om og bli inspirert av misjon og bistandstankegang. Lærarar og elevar nyttar vinterferien til studietur[20] til samarbeidsskulen for å gå glipp av minst mogleg ordinær undervising. Samarbeidskulen ligg i Mara, Tanzania. Programmet har ikkje eksamen eller vurdering med karakter, men fører fram til eit vedlegg til vitnemålet som skildrer pensum, praksis og omfang.

  • Utenlandstur

Skulen har sida 2009 hatt årlege turar til Roma[21] for elevar på VG2. Turen sin faglege fokus finst i kristendoms- og historiefaga, og elevane får oppleve å arbeide mot eit mål og oppleve lærdom i praksis. Turen er også ein viktig del av å skape et godt miljø i klassen.

  • Aksjonsdag og Russens prosjekt

På aksjonsdagen arbeider elevane for å samle inn pengar til russens misjons- og bistandsprosjekt.[22] Russeklassa vel nye prosjekt i nye land kvart år og informerer om "sitt" land og prosjekt heile året gjennom. I samband med dette reiser to elevar årleg frå russeklassen til mottakerlandet for å vitje dei valgte prosjekta. Skuleåret 2013/14 samla elevane inn 350.000 kroner til prosjekta sine i Etiopia.[23] Prosjektlandet i skuleåret 2014/15 var Japan.[24] På avslutningsfesten våren 2015 melde russen at dei hadde samla inn 450.000 til Japan. Misjonslandet skuleåret 2015/16 var Tanzania og i juni donerte russen 350.000 til sine prosjekt der.[25] Misjonslandet 2016/17 var Mongolia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Til mattefinalen for andre gong». 06. mars 2015. 
  2. «Matte-talent i særklasse». 08. mars 2011. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mai 2015. 
  3. «Klar for OL». 11. mars 2011. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 8. mai 2015. 
  4. «Landslag i matematikk». 13. september 2012. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 8. mai 2015. 
  5. «Læringsmiljø - Elevundersøkelsen 2013-2015». 20. mars 2015. 
  6. «Elevundersøkelsen». 14. mars 2015. 
  7. «Læringsmiljø - Elevundersøkelsen 2013-2015». 14. mars 2015. 
  8. «VestborgCup 2015». 06. mars 2015. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mai 2015. 
  9. «Gunnar Skotte». 02. januar 2017. 
  10. «Udir.no: Utdanningsprogram: Studiespesialisering». 02. januar 2017. 
  11. «Udir.no: Utdanningsprogram: Påbygging til generell studiekompetanse for yrkesfaglege utdanningsprogram». 02. januar 2017. 
  12. «Spreke tilbod til hausten». 09. februar 2015. 
  13. «KRIK-program». 01. februar 2015. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mai 2015. 
  14. «Nye undervisningstilbod». 03. februar 2015. Arkivert frå originalen 23. mars 2015. Henta 8. mai 2015. 
  15. «OFF-PISTE 2015». 01. februar 2015. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mai 2015. 
  16. «Arrangerte KRIK-cup». 03. april 2016. 
  17. «Spreke tilbod til hausten». 09. februar 2015. 
  18. «KRIKnytt 01/2015». 25. februar 2015. 
  19. «Internasjonalt Program». 01. februar 2015. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mai 2015. 
  20. «Tanzania - ei reiseskildring». 5. mars 2016. 
  21. «Besøkte katakomber og vakre kyrkjer». 7. mai 2016. 
  22. «Informasjon om misjonsprosjektet». 22. august 2014. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mai 2015. 
  23. «Russ gav pengar til Etiopia». 22. juni 2014. 
  24. «-Det har vore ein inspirerande tur». 13. november 2014. 
  25. «Samla inn 350.000». 12. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]