Vestbreidda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vestbreidda av Jordanelva)
Gå til: navigering, søk
Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah al-Ġarbiyyah, hebraisk הַגָּדָה הַמַּעֲרָבִית, HaGadah HaMa'aravit eller יהודה ושומרון Yehuda VeShomron (Judea og Samaria)).

Vestbreidda (arabisk الضفة الغربية aḍ-Ḍaffah l-Ġarbiyyah, hebraisk הגדה המערבית, HaGadah HaMa'aravit, òg hebraisk יהודה ושומרון Yehuda ve-Shomron (Judea og Samaria)[1][2]) eller Cisjordan, er eit landområde nær Middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense (fastsett i våpenkvileavtalen i 1949 mellom Jordan og Israel) i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet.[3] I følgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta».[4]

Vestbreidda med Aust-Jerusalem dekkjer eit landområde på 5 640 km2 og 220 km2 vatn, den nordvestlege delen av Daudehavet.[3] Det er estimert at folketalet er 2 676 740 (juli 2013).[3] Meir enn 80 %, kring 2 100 000,[3] er palestinske arabarar, og kring 500 000 er jødiske israelarar som bur på Vestbreidda,[3] av desse kring 192 000 i Aust-Jerusalem,[5] i israelske busetjingar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som ulovlege etter folkeretten, medan Israel hevdar å ha retten på si side.[6][7][8][9]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Byen Salfit på Vestbreidda

Vestbreidda[endre | endre wikiteksten]

Namnet Vestbreidda er ei omsetjing av det arabiske uttrykket ad-Daffa al-gharbiya,[10] om området vest for Jordanelva som i 1948 vart okkupert og administrert av Jordan. Jordan hevda dei hadde annektert området i 1950.[11] Namnet vart valt for å skilje vestbreidda av Jordanelva frå «Austbreidda» av elva.

Cisjordan[endre | endre wikiteksten]

Det nylatinske namnet Cisjordan eller Cis-Jordan (tyder «på denne sida av Jordanelva») er det vanlege namnet på området på romanske språk. Namnet Vestbreidda og omsetjingar av dette er det vanlege namnet på dette geopolitiske området på somme andre germanske språk, som til dømes engelsk.

Stundom vert Cisjordan nytta om heile området mellom Jordanelva og Middelhavet, særleg i historisk samanheng i Det britiske Palestinamandatet og tidlegare tider. Det analoge Transjordan (som tyder «på den andre sida av Jordanelva») har historisk vorte nytta om området som i dag omtrent utgjer staten Jordan, aust for Jordanelva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1517 til 1917 var området som no er Vestbreidda ein del av Det osmanske riket og provinsen Syria.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Under San Remo-konferansen i 1920 tildelte dei allierte stormaktene (Frankrike, Storbritannia, USA, etc.) området til Palestinamandatet (1920–47). Dei sameinte nasjonane (SN) laga ein delingsplan for Palestina i 1947. Planen tilrådde å dele Det britiske mandatet i ein jødisk stat, ein arabisk stat og ein internasjonalt styrt enklave i Jerusalem,[12] og ein større region enn dagens Vestbreidda vart utpeikt til ein arabisk stat.

Etter den andre verdskrigen vedtok Dei sameinte nasjonane ein resolusjon (181) om det framtidige styret til Palestina, med mål om å oprette to statar innafor Palestinamandatet. Resolusjonen utpeikte området kalla «åslandet Samaria og Judea» (inkludert det som no er «Vestbreidda») som ein del av ein føreslått arabisk stat, men etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart dette området erobra av Transjordan (seinare kalla Jordan to år etter sjølvstende i 1946). «Vestbreidda» eller «Cisjordan» vart namnet på området vest for Jordanelva, medan «Austbreidda» eller «Transjordan» vart nytta om området aust for elva.

I våpenkvileavtalen i 1949 vart Vestbreidda erklært ein del av jordansk territorium og det vart teikna ei mellombels grense mellom Israel og Jordan. Jordan styrte over Vestbreidda frå 1948 til 1967, og annekterte området i 1950. Kravet til Jordan over området vart aldri formelt anerkjent av det internasjonale samfunnet, utanom av Storbritannia.[13][14]

Ideen om ein sjølvstendig palestinsk stat vart ikkje teke opp av arabarane som budde der på den tida. Kong Abdullah av Jordan vart krona til konge av Jerusalem og gav dei palestinske arabarane på Vestbreidda og Aust-Jerusalem jordansk borgarskarp.[15]

I 1950-åra var det ein stor straum av palestinske flyktningar og vald i tillegg til israelske hemnåtak over «den grøne linja».[treng kjelde]

Israelsk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

I juni 1967 vart Vestbreidda og Aust-Jerusalem erobra av Israel under seksdagarskrigen. Med unntak av Aust-Jerusalem og det tidlegare israelsk-jordanske ingemannslandet, vart ikkje Vestbreidda annektert av Israel, men har vore under israelske militær kontroll og vert omtalt som Judea- og Samaria-området av Israel. Sjølv om møtet til Den arabiske ligaen i 1974 i Rabat utpeikte Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) som «den einaste legitime representanten for palestinarane», gav ikkje Jordan offisielt opp kravet sitt på området før 1988,[16] då dei braut alle administrative og rettslege band til Vestbreidda og etter kvart tok bort det jordanske borgarskapet til palestinarane på Vestbreidda.[17]

Fram til 1974 kravde Jordan attende kontroll over Vestbreidda.[18] I 1988 annonserte kong Hussein i Jordan «full rettsleg og administrativ lausgjering frå Vestbreidda».[19] Den 28. juli 1988 annonserte kong Hussein at dei ville stoppa eit utviklingsprosjekt på 1,3 milliardar USD for Vestbreidda. Dei neste dagane oppløyste han formelt Parlamentet, og Vestbreidda var ikkje lenger representert i lovgjevinga.[20]

Sidan Osloavtalen i 1993 har Den palestinske sjølvstyresmakta offisielt kontrollert eit geografisk usamanhengande område som utgjer kring 11 % av Vestbreidda (kalla Område A) som har vore utsett for israelske streiftog. Område B (kring 28%) er underlagt både israelsk militærkontroll og palestinsk sivil kontroll. Område C (kring 61%) er under full israelsk kontroll. 164 nasjonar reknar Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som «okkupert palestinsk territorium»,[21][22] medan staten Israel insisterer at berre område som vart erobra i krig frå «ein etablert og annerkjent suverenitet» kan reknast som okkupert territorium.[23] Okkupasjonen til Israel av dette territoriet er ikkje anerkjent av noko land. Etter delinga i 2007 mellom Fatah og Hamas, har områda i Vestbreidda under palestinsk kontroll vore styrt av berre dei palestinske sjølvstyresmaktene, medan Gazastripa har vore styrt av Hamas.

Rettsleg status[endre | endre wikiteksten]

Frå 1517 til 1917 var Vestbreidda ein del av Det osmanske riket. Tyrkia, som var att etter Det osmanske riket, sa frå seg territorialkravet på Vestbreidda i 1923 med Lausannetraktaten og området som no vert kalla Vestbreidda vart ein del av Palestinamandatet. I mandatperioden hadde ikkje Storbritannia rett til suverenitet, som vart halde av folket under mandatet.[24] I 1947 tilrådde Generalrådet til SN at området som vart Vestbreidda burde vere ein del av ein framtidig arabisk stat, men dei arabiske statane var i mot dette forslaget på den tida. I 1949 okkuperte Jordan Vestbreidda og annekterte det i 1950, men kravet deira vart aldri godkjend av det internasjonale samfunnet. I 1967 erobra Israel Vestbreidda frå Jordan i seksdagarskrigen. Resolusjon 242 av Tryggingsrådet til SN som følgde etter krigen, bad om tilbaketrekking frå territoria som var okkupert under krigen. Sidan 1979 har Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane,[25] SNs generalforsamling,[21] USA,[26] EU,[27] Den internasjonale straffedomstolen,[28] og Den internasjonale Raude kross-komiteen[22] refererer til Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, som okkupert palestinsk territorium. Generalrådet sin resolusjon 58/292 (17. mai 2004) stadfesta at palestinarane har rett til suverenitet over området.[29]

Både Den internasjonale straffedomstolen og Høgsteretten i Israel har kome fram til at statusen til Vestbreidda er militær okkupasjon.[30] I 2004 konkluderte dei rådgjevande domspremissane til Den internasjonale straffedomstolen at:

« Territoria som ligg mellom den grøne linja og den tidlegare austgrensa til Palestina under mandatet, vart okkupert av Israel i 1967 under den væpna konflikten mellom Israel og Jordan. Etter vanleg folkerett, observerer retten at desse derfor var okkuperte territorium der Israel hadde status som okkuperande makt. Påfølgjande hendingar i desse territoria har ikkje gjort noko for å endre denne situasjonen. Retten konkluderer med at alle desse territoria (inkludert Aust-Jerusalem) framleis er okkuperte territorium og at Israel framleis har status som okkuperande makt.[30][31]  »

Den utøvande greina av dei israelske styresmaktene, gjennom Utanriksdepartementet, har definert Vestbreidda som eit omstridd område, der statusen berre kan avgjerast gjennom forhandlingar. Departementet seier at okkuperte territorium er territorium erobra i krig frå ein etablert og anerkjend suveren stat, og at sidan Vestbreidda ikkje var ein lovmessig og anerkjent suverenitet under ein annan stat før seksdagarskrigen, og kan derfor ikkje reknast som okkupert territorium.[23]

Kjennelsen til Den internasjonale straffedomstolen den 9. juli 2004 avgjorde at Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, er territorium halde av Israel under militær okkupasjon, uavhengig av statusen området hadde før den israelske okkupasjonen og den fjerde Geneve-konvensjonen gjeld de jure.[32] Det internasjonale samfunnet reknar Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) som territorium okkupert av Israel.[33]

Folkeretten (Paragraf 49 i Den fjerde Geneve-konvensjonen) forbyr «overføring av folk frå ei okkuperande makt til okkuperte territorium», som gjer at den israelske regjeringa har eit ansvar om å ikkje busetje israelske borgarar på Vestbreidda.[34]

Den 27. september 2013 har 134 (69,4%) av 193 medlemsland i Dei sameinte nasjonane anerkjend Staten Palestina[35] innafor Dei palestinske territoria, som av Israel vert rekna som eit samanhengande territorium,[36][37] der Vestbreidda dannar kjernen i ein eventuell stat.[38]

Jeriko på Vestbreidda

Politisk status[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske presidenten George Bush og Mahmoud Abbas i Ramallah i 2008.

Den framtidige statusen til Vestbreidda, i lag med Gazastripa ved Middelhavet, har vore tema for forhandlingar mellom palestinarar og israelarar, sjølv om den noverande Vegkartet for fred, føreslått av «Kvartetten» som bestod av USA, Russland, Den europeiske unionen og Dei sameinte nasjonane, førestiller seg ein sjølvstendig palestinsk stat i desse territoria, side om side med Israel. Men «Vegkartet» seier at i den første ffasen må palestinarane stoppe alle åtak mot Israel, medan Israel må legge ned utpostane. Sidan ingen av desse vilkåra er møtt sidan Vegkartet vart «akseptert» av alle sider, har ikkje dei endelege forhandlingane byrja.

Den palestinske sjølvstyresmakta meiner at Vestbreidda bør vere ein del av den suverene staten deira, og at den israelske militærkontrollen er eit brot på retten deira til sjølvstyre. Dei sameinte nasjonane kallar Vestbreidda og Gazastripa israelskokkuperte territorium. Mange israelarar og støttespelarane deira nyttar omgrepet omstridd territorium, fordi dei gjer krav på delar av territoriet, og påpeiker at landet ikkje på 2000 år har vore ein suveren stat.

Den palestinsk folkeopinionen er mot det israelske militære og dei israelske nybyggjarane på Vestbreidda som eit brot på retten deira til ein eigen stat og suverenitet.[39] Den israelske opinionen delt i fleire syn:

  • Fullstendig eller delvis tilbaketrekking frå Vestbreidda i håp om fredeleg sameksistens i separate statar (stundom kalla «land for fred»-standpunktet. I ei undersøking i 2003 støtta 76% av israelarar ein fredeleg avtale basert på dette prinsippet.[40]
  • Oppretthalde eit militært nærvære på Vestbreidda for å reduere palestinsk terrorisme med avskrekking eller væpna intervensjon, og samstundes oppgje ein viss grad av politisk kontroll;
  • Anneksjon av Vestbreidda og samstundes gje den palestinske folkesetnaden med palestinsk borgarskap israelsk opphaldsløyve, i følgje Elon-fredsplanen;
  • Anneksjon av Vestbreidda og assimilering av den palestinske folkesetnaden som israelske borgarar;
  • Flytte den palestinske folkesetnaden i Aust-Jerusalem.[41]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jordanelva

Vestbreidda dekkjer eit areal på 5628 kvadratkilometer, som utgjer 21,2% av det tidlegare Palestinamandatet (utanom Jordan)[42] og har generelt eit kupert terreng. Den totale lengda på landegrensa i regionen er 404 km.[43] Terrengert består hovudsakleg av høgland med djupe innsnitt, noko vegetasjon i vest, men noko aude i aust. Høgda går frå -408 m ved breidda av Daudehavet til det høgaste punktet i Nabi Yunis, på 1 030 meter over havet.[44] Vestbreidda har ikkje kystlinje.[43]

Det er få naturressursar i området, utanom særs dyrkbar mark, som utgjer 27 % av landarealet i regionen. Markene er stort sett nytta som permanente beitemarker (32 % av dyrkbar mark) og sesongbasert jordbruk (40 %).[43] Skogar utgjer berre 1 %, med ingen permanente avlingar.[43]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet på Vestbreidda er hovusdakleg middelhavsklima, noko kjøligare i høgareliggande område samanlikna med kysten vest for området. I aust omfattar Vestbreidda Juedaørkenen og breidda av Daudehavet - med både tørt og varmt klima.

Politisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Palestinsk administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kart over busetjingar på Vestbreidda i januar 2006: Gul = palestinske byar. Lyserosa = lukka militære område eller busetjingsområde, eller område isolerte av Israel si sperring på Vestbreidda; mørkerosa = busetjingar, utpostar eller militære basar. Den svarte linja = sperringa til Israel

Osloavtalen frå 1993 fastsette at den endelege statusen til Vestbreidda var underlagt ei framtidig semje mellom Israel og dei palestinske leiarane. Etter denne foreløpige avtalen trekte Israel militærstyret sitt frå delar av Vestbreidda, som vart delt inn i tre administrative område:

Område Tryggleik Sivilt styre % av Vestbreidda
land
% av Vestbreidda
palestinsk
A palestinsk palestinsk 18% 55%
B israelsk palestinsk 21% 41%
C israelsk israelsk 61% 4%[45]

Område A, 2,7%, er underlagt full sivil kontroll av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, og utgjer palestinske byar og somme landlege område utanom israelske busetjingar i nord (mellom Jenin, Nablus, Tubas og Tulkarm), i sør (kring Hebron), og eit sentralt sør for Salfit.[46] Område B, 25,2%, består av andre landlege område, mange nærare midten av Vestbreidda. Område C består av alle israelske busetjingar, tilkomstvegar til busetjingane, buffersoner (nær busetjingar, vegar, strategiske område og Israel= og nesten heile Jordandalen og Judeaørkenen.

Område A og B er igjen delt inn i 227 fråskilde område (199 av dei er mindre enn to kvadratkilometer) som er skilde frå kvarandre av det israelskkontrollerte Område C.[47] Områda A, B og C kryssar 11 guvernement nytta som administrativ inndeling av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, Israel og det israelske forsvaret, kalla opp etter store byar. Dei hovudsakleg opne områda i Område C, som består av alle dei grunnleggande dyrkbar marken og bygningsland, vasskjelder, steinbrot og stader av verdi for turisme, som ein treng for å utvikle ein levedyktig palestinsk stat,[48] og skulle over til palestinarane i 1999 etter Osloavtalen. Dette vart aldri gjort.[49]

Ei undersøking av SN Sentrale humanitære samordningseining i 2007 fann at kring 40 % av Vestbreidda var oppteken av israelsk infrastruktur.[50]

Område annektert av Israel[endre | endre wikiteksten]

Stor-Jerusalem, mai 2006. CIA Fjernmålingskart som syner område rekna som busetjingar, flyktningleirar, gjerde, murar og liknande.

Gjennom Jerusalemlova har Israel utvida den administrative kontrollen sin over Aust-Jerusalem. Dette har ofte blitt tolka som jamgodt med ei offisiell annektering, men Ian Lustick, som gjekk gjennom rettsstillinga i dei israelske tiltaka og kom fram til at det ikkje hadde funne stad ei annektering. Dei palestinske innbyggjarane har rettsleg fast residens-status.[51][52] Tryggingsrådet til SN avviste Jerusalemlova som ugyldig. Sjølv om permanente innbyggjarar om dei vil kan få israelsk borgarskap om dei møter visse vilkår, søkte ikkje dei fleste palestinarane om israelsk borgarskap av politiske årsaker.[53] Det er forskjellige årsaker kvifor Vestbreidda ikkje er blitt annektert[54] av Israel etter erobringa i 1967. Den israelske regjeringa har ikkje formelt stadfesta ei offisiell årsak, men historikarar og analytikarar har kome med mange årsaker, dei fleste av dei demografiske.

Israelske busetjingar[endre | endre wikiteksten]

Kart over israelske busetjingar på Vestbreidda, januar 2006.

I desember 2010 budde 327 750 israelarar i 121 busetjingar på Vestbreidda, offisielt anerkjend av dei israelske styresmaktene, og 192 000 israelarar bur i busetjingar i Aust-Jerusalem.[5] Det finst kring 100 busetjingar til som ikkje er offisielt anerkjend av dei israelske styresmaktene og som i følgje israelsk lov er ulovlege, men som har fått infrastruktur, vatn, kloakk og andre tenester av styresmaktene.[55][56]

Det internasjonale samfunnet (inkludert Dei sameinte nasjonane) meiner alle israelske busetjingar på Vestbreidda bortanfor den grøne linja er ulovlege etter folkeretten.[57][58][59][60] Særleg Den europeiske unionen[61] reknar busetjingane som ulovlege. Store delar av den israelske ålmenta er mot dei stadige utbygginga av jødiske busetjingar på Vestbreidda.[62] Dei fleste rettsforskarane reknar òg busetjingane som eit brot på folkeretten,[7] men somme forskarar, som Julius Stone,[63][64] og Eugene Rostow[65] hevdar dei er lovlege etter folkeretten av forskjellige årsaker.[66]

Vestbreidda barrier[endre | endre wikiteksten]

Sperringa på Vestbreidda.

Israel si sperring på Vestbreidda er ei fysisk sperring som vart beordra bygd av den israelske regjeringa, og består av eit nettverk av gjerde med ein 60 meter brei ekskulsjonsområde, og opp til 8 meter høge betongmurar (i dei fleste områda er ikkje muren så høg).[67] Han ligg hovudsakleg innafor Vestbreidda, delvis langs våpenkvile linja frå 1949, eller «den grøne linja» mellom Vestbreidda og Israel. I april 2006 var lengda på sperringa som var godkjend av dei israelske styresmaktene 703 km lang. Omkring 58,4 % er blitt bygd, og 8,96% er under utbygging, medan bygginga ikkje har starta enno på 33% av sperringa.[68] Området mellom sperringa og den grøne linja er eit lukka militærområde kalla Separasjonssonen, som avskjer 8,5% av Vestbreidda og lukkar inne dusinvis av landsbyar og titusenvis av palestinarar.[69][70][71]

Sperringa går hovudsakleg langs den jordansk-israelske våpenkvilelinja, eller den grøne linja, frå 1949, men går fleire stader utanom denne linja for på den israelske sida gå kring særs folketette område med jødiske busetjingar på Vestbreidda, som Aust-Jerusalem, Ariel, Gush Etzion, Immanuel, Karnei Shomron, Givat Ze'ev, Oranit og Maale Adumim.

Dei som støttar sperringa hevdar ho er naudsynt for å verne israelske sivile frå palestinske åtak, som har auka under Al-Aqsa Intifada;[72][73] det har redusert terroriståtak med 90% frå 2002 til 2005, over ein 96% reduksjon frå 2002 til slutten av 2007.[74]

Motstandarar av sperringa hevdar det er eit ulovleg forsøk på å annektere palestinske land forkledd som tryggleik,[75] at det bryt folkeretten,[76] og at det er eit forsøk på å skaffe seg ein fordel i ei framtidig forhandling,[77] og kraftig avgrensar palestinsk livsopphald, særleg ved å avgrense høvet til å flytte seg fritt.[78]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Palestinske guvernement[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå guvernement i Palestina.

Etter signeringa av Osloavtalen vart Vestbreidda delt inn i 11 guvernement styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene. Sidan 2007 er det to guvernement som hevdar å vere lovmessig styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene, eit på Vestbreidda og eit på Gazastripa.

Guvernement[79] Folketal[79] Areal (km2)[79]
Jenin guvernement 556 212 583
Tubas guvernement 65 771 372
Tulkarm guvernement 175 213 239
Nablus guvernement 386 380 592
Qalqilya guvernement 120 753 164
Salfit guvernement 55 464 191
Ramallah og Al-Bireh guvernement 260 018 844
Jeriko guvernement 48 724 608
Jerusalem guvernement
(inkludert det israelskannekterte Aust-Jerusalem)
462 521 344
Betlehem guvernement 257 515 644
Hebron guvernement 751 129 1 060
Totalt 3 609 700 5 671
Israelske administrative distrikt[endre | endre wikiteksten]
Sjå òg Judea- og Samaria-området

Vestbreidda er vidare delt inn i åtte administrative regionar: Menashe (Jenin-området), HaBik'a (Jordandalen), Shomron (Shechem-området, på arabisk kalla Nablus), Efrayim (Tulkarm-området), Binyamin (Ramallah/al-Bireh-området), Maccabim (Maccabim-området), Etzion (Betlehem-området) og Yehuda (Hebron-området).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i Dei palestinske territoria er kronisk i depresjon, og arbeidsløya er alltid over 20 % etter 2000 (19 % på Vestbreidda første havldel av 2013).[80]

Større byar[endre | endre wikiteksten]

Busetjinga Ariel
Bustadområde i Ramallah
Større byar
By Folketal
Al-Bireh 38 202[81]
Beitar Illit 37 600[82]
Ariel 17 700[82]
Betlehem 25 266[81]
Hebron (al-Khalil) 163 146[81]
Jeriko 18 346[81]
Jenin 90 004[81]
Ma'ale Adummim 33 259[82]
Modi'in Illit 48 600[82]
Nablus 136 132[81]
Qalqilyah 41 739[81]
Ramallah 27 460[81]
Tulkarm 51 300[81]
Yattah 48 672[81]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Vestbreidda» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2015.
  • Albin, Cecilia (2001). Justice and Fairness in International Negotiation. Cambridge University Press. ISBN 0-521-79725-X
  • Bamberger, David (1985, 1994). A Young Person's History of Israel. Behrman House. ISBN 0-87441-393-1
  • Dowty, Alan (2001). The Jewish State: A Century Later. University of California Press. ISBN 0-520-22911-8
  • Eldar, Akiva and Zertal, Idith (2007). Lords of the land: the war over Israel's settlements in the occupied territories, 1967–2007, Nation Books. ISBN 978-1-56858-414-0
  • Gibney, Mark and Frankowski, Stanislaw (1999). Judicial Protection of Human Rights. Praeger/Greenwood. ISBN 0-275-96011-0
  • Gordon, Neve (2008).Israel's Occupation. University of California Press, Berkeley CA, ISBN 0-520-25531-3
  • Gorenberg, Gershom. The Accidental Empire. Times Books, Henry Holt and Company. ISBN 0-8050-8241-7. 2006.
  • Howell, Mark (2007). What Did We Do to Deserve This? Palestinian Life under Occupation in the West Bank, Garnet Publishing. ISBN 1-85964-195-4
  • Oren, Michael (2002). Six Days of War, Oxford University Press. ISBN 0-19-515174-7
  • Playfair, Emma (Ed.) (1992). International Law and the Administration of Occupied Territories. Oxford University Press. ISBN 0-19-825297-8
  • Shlaim, Avi (2000). The Iron Wall: Israel and the Arab World, W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-04816-0
  1. Det israelske forsvaret, Ordinance No. 187, «Ordinance about Interpretation», 17. desember 1967, Major General Uzi Narkis, Commander of Central Distict and IDF Forces i Region of HaGada HaMa'aravit. Publisert på hebraiske og arabisk i Collection no. 9 of ordinances for the West Bank, 22. januar 1968, s. 368
  2. Dishon (1973) Dishon Record 1968 Published by Shiloah Institute (seinare Moshe Dayan Center for Midle Eastern and African Studies) ogJohn Wiley and Sons, ISBN 0-470-21611-5 p 441
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «The World Factbook – Middleast: The West Bank». Central Intelligence Agency Sjå òg Geografi på Vestbreidda. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/we.html. 
  4. Saree Makdisi,Palestine Inside Out: An Everyday Occupation, W. W. Norton & Company, 2010 s.20.
  5. 5,0 5,1 «IDF: More than 300,000 settlers live in The West Bank». Haaretz. Israel. http://www.haaretz.com/hasen/spages/1103125.html. Henta 23. februar 2015. 
  6. Roberts, Adam. «Prolonged Military Occupation: The Israeli Occupied Territories Since 1967». The American Journal of International Law (American Society of International Law) 84 (1): 85–86. 
  7. 7,0 7,1 Pertile, Marco. «'Legal Consequences of the Construction of a Wall i Occupied palestinsk Territory': A Missed Opportunity for International Humanitarian Law?». I Conforti, Benedetto; Bravo, Luigi. The Italian Yearbook of International Law. 14. Martinus Nijhoff Publishers. s. 141. ISBN 978-90-04-15027-0. 
  8. Barak-Erez, Daphne. «Israel: The security barrier—between international law, constitutional law, and domestic judicial review». International Journal of Constitutional Law (Oxford University Press) 4 (3): 548. 
  9. Drew, Catriona. «Self-determination and population transfer». I Bowen, Stephen. Human rights, self-determination and political change in the occupied Palestine Territory. International studies in human rights. 52. Martinus Nijhoff Publishers. ss. 151–152. ISBN 978-90-411-0502-8. 
  10. Josva 22:7:'Til den eine halvparten av stammen til Manasse hadde Moses gjeve land i Basan, og av Josva hadde den andre halvparten fått land på vestsida av Jordan, saman med brørne sine. .'(הירדן ימה :hay-yardên yāmmāh)
  11. Eyal Benvenisti,The International Law of Occupation, Oxford University Press 2012 s.204
  12. «A/RES/181(II) of 29. november 1947». domino.un.org. http://domino.un.org/unispal.nsf/0/7f0af2bd897689b785256c330061d253. Henta 23. februar 2015. 
  13. Joseph Massad sa at medlemmar av Den arabiske ligaen de facto anerkjende området og at USA formelt hadde anerkjent annekteringa, utanom for Jerusalem. Sjå Joseph A. Massad, Colonial Effects: The Making of National Identity in Jordan (New York: Columbia University Press, 2001),ISBN 0-231-12323-X, s. 229. Dokument syner at USA de facto aksepterte annekteringa utan å formelt anerkjenne det. USA Department of State / Foreign relations of the USA, 1950. The Near East, South Asia, and Africa s. 921
  14. Det er ofte sagt at Pakistan anerkjende annekteringa, men det verkar å vere feil; sjå S. R. Silverburg, Pakistan and the West Bank: A research note, Middle Eastern Studies, 19:2 (1983) 261–263.
  15. Armstrong, Karen. Jerusalem: One City, Three Faiths. New York: Ballantine Books, 1996. s. 387.
  16. Anis F. Kassim, ed (1988). The Palestine Yearbook of International Law 1987-1988. s. 247. 
  17. Efraim Karsh, P. R. Kumaraswamy, ed (2003). Israel, the Hashemites, and the Palestines: The fateful triangel. s. 196. 
  18. Religious human rights in global perspective: legal perspectives av J. D. Van der Vyver, John Witte. s. 388.
  19. «Address to the Nation». Kinghussein.gov.jo. http://www.kinghussein.gov.jo/88_july31.html. Henta 23. februar 2015. 
  20. Disengagement from Vestbreidda
  21. 21,0 21,1 «Applicability of the Geneva Convention relative to the Protection of Civilian Persons in Time of War, of 12. august 1949, to the Occupied palestinsk Territory, including Jerusalem, and the other occupied arabarar territories». Dei sameinte nasjonane. 17. desember 2003. http://domino.un.org/unispal.nsf/97360ee7a29e68a085256df900723485/d6f5d7049734efff85256e1200677754. Henta 23. februar 2015. 
  22. 22,0 22,1 «Conference of High Contracting Parties to the Fourth Geneva Convention: Statement by the Den internasjonale Raude kross-komiteen». Den internasjonale Raude kross-komiteen. 5. desember 2001. http://www.icrc.org/eng/resources/documents/misc/5fldpj.htm. Henta 23. februar 2015. 
  23. 23,0 23,1 «Disputed Territories: Forgotten Facts about Vestbreidda and Gazastripa». Israeli government's Ministry of Foreign Affairs. http://www.mfa.gov.il/mfa/go.asp?MFAH0n1m0. Henta 23. februar 2015. 
  24. Quigley, John. The Case for Palestina An International Law Perspective. Duke University Press. s. 15. 
  25. Resolution 446, Resolution 465, Resolution 484, among others
  26. «Israel and the occupied territories». State.gov. 4. mars 2002. http://www.state.gov/g/drl/rls/hrrpt/2001/nea/8262.htm. Henta 23. februar 2015. 
  27. Occupied Palestine Territory - EU
  28. «Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine Territory». Den internasjonale straffedomstolen. 6. oktober 2014. http://domino.un.org/UNISPAl.NSF/85255e950050831085255e95004fa9c3/3740e39487a5428a85256ecc005e157a. Henta 23. februar 2015. 
  29. «UN Resolution 58/292 (17. mai 2004)». Dei sameinte nasjonane. http://domino.un.org/unispal.nsf/d9d90d845776b7af85256d08006f3ae9/a2c2938216b39de485256ea70070c849?OpenDocument. Henta 23. februar 2015. 
  30. 30,0 30,1 Domb, Fania. International Law and Armed Conflict: Exploring the Faultlines. Martinus Nijhoff Publishers. s. 511. ISBN 9004154280. 
  31. Legal Consequences cf the Construction of a Wu11 i Occupied palestinsk Territory, Advisory Opinion, I. C. J. Reports. Den internasjonale straffedomstolen. s. 136. ISBN 92-1-070993-4. 
  32. Legal Consequences of the Construction of a Wall in the Occupied Palestine Territory, see paragraphs 90-101 and s.5
  33. Israel/Occupied Palestine Territories: The conflict in Gaza: A briefing on applicable law, investigations and accountability Amnesty International. 2009. Henta 23. februar 2015; Human Rights Council Special Session on the Occupied Palestine Territories Human Rights Watch, 6. juli 2006; Is Gaza 'occupied' territory? CNN, 6. januar 2009. Henta 23. februar 2015.
  34. Independent law report commissioned by the BBC Board of Governors, BBC Governors' Archive, februar 2006 (s. 48–50)
  35. Evan Centanni, Map: Palestina Recognized by Two More Countries (134/193) Political Geografi Now, 2. november, 2013
  36. 'The West Bank and the Gaza Strip as a Single Territorial Unit,' Reut Institute.
  37. 'Palestinian Territories,' European Forum for Democracy and Solidarity, 31. januar 2014
  38. 'An awkward new government,' The Economist 7. juni 2014.
  39. «Survey Research Unit». Pcpsr.org. 9. juli 2001. http://www.pcpsr.org/survey/polls/2001/p2a.html. Henta 23. februar 2015. 
  40. «Israeli public opinion regarding the conflict». The Center for Middle East Peace and Economics Cooperation. Arkivert frå originalen den 7. oktober 2014. https://web.archive.org/web/20070210190934/http://www.mifkad.org.il/en/more.asp. Henta 23. februar 2015. 
  41. Asher Arian (June 2002). «A Further Turn to the Right: Israeli Public Opinion on National Security – 2002». Strategic Assessment (Tel Aviv universitet: Jaffee Sentral for Strategic Studies) 5 (1): 50–57. Arkivert frå originalen den 3. januar 2006. 
  42. Arie Arnon, Israeli Policy towards the Occupied Palestinian Territories: The Economic Dimension, 1967-2007. MIDDLE EAST JOURNAL, Volume 61, No. 4, AUTUMN 2007 (s. 575)
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 CIA Factbook: West Bank
  44. A house demolished, three others threatened in the town of Halhul - 24. mars 2007, POICA. Henta 23. februar 2015.
  45. «JURIST – Den palestinske sjølvstyresmakta: palestinsk law, legal research, human rights». Jurist.law.pitt.edu. http://jurist.law.pitt.edu/World/palest.htm. Henta 23. februar 2015. 
  46. Gvirtzman, Haim (8. februar 1998). «Maps of Israeli Interests in Judea and Samaria Determining the Extent of the Additional Withdrawals». http://www.biu.ac.il/Besa/books/maps.htm. Henta 23. februar 2015. 
  47. «The West Bank and Gaza: A Population Profile – Population Reference Bureau». Prb.org. http://www.prb.org/Articles/2002/TheWestBankandGazaAPopulationProfile.aspx. Henta 23. februar 2015. 
  48. Jonathan Cook, 'World Bank report is a message against israelske occupation,' The National, 15. oktober 2013,
  49. Ron Pundak 'Decoding Bibi's Vestbreidda agenda,' at Haaretz, 3. august 2012.
  50. {{cite web|url=http://www.ochaopt.org/documents/TheHumanitarianImpactOfisraelskeInfrastructureTheWestBank_full.pdf |format=PDF|title=The Humanitarian Impact on Palestines of Israeli Settlements and Other Infrastructure in the West Bank|publisher=UN [[Office for the Coordination of Humanitarian Affairs – Occupied Palestinian Territory|accessdate=23. februar 2015}}
  51. Yael Stein (April 1997). «The Quiet Deportation: Revocation of Residency of East Jerusalem Palestinians» (Mal:DOClink). Joint report by Hamoked og B'Tselem. http://www.btselem.org/Download/199704_Quiet_Deportation_Eng.doc. Henta 23. februar 2015. 
  52. Yael Stein (April 1997). «The Quiet Deportation: Revocation of Residency of Aust-Jerusalem Palestinians (Summary)». Joint report by Hamoked and B'Tselem. http://www.btselem.org/English/Publications/Summaries/199704_Quiet_Deportation.asp. Henta 23. februar 2015. 
  53. «Legal status of East Jerusalem and its residents». B'Tselem. http://www.btselem.org/english/Jerusalem/Legal_Status.asp. Henta 23. februar 2015. 
  54. (Bard«Our Positions: Solving the Palestinian/Israeli Conflict». Free Muslim Coalition Against Terrorism. http://www.freemuslims.org/issues/israel-palestine.php. Henta 23. februar 2015. 
  55. Erlanger, Steve (9. mars 2005), Israeli Report Condemns Support for Settlement Outposts, http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=990DE2DF163CF93AA35750C0A9639C8B63&sec=&spon=&pagewanted=1 
  56. Brulliard, Karin (24. april 2012), «Israel legalizes three West Bank outposts», The Washington Post, http://www.washingtonpost.com/world/middle_east/israel-legalizes-three-settlement-outposts/2012/04/24/gIQAbpfieT_story.html, henta 23. februar 2015 
  57. Emma Playfair (Ed.). International Law and the Administration of Occupied Territories. USA: Oxford University Press. s. 396. ISBN 0-19-825297-8. 
  58. Cecilia Albin. Justice and Fairness in International Negotiation. Cambridge: Cambridge University Press. s. 150. ISBN 0-521-79725-X. 
  59. Mark Gibney; Stanlislaw Frankowski. Judicial Protection of Human Rights: Myth or Reality?. Westport, Connecticut: Praeger/Greenwood. s. 72. ISBN 0-275-96011-0. 
  60. 'Plia Albeck, legal adviser to the israelske Government was born in 1937. She died on 27. september 2005, aged 68', The Times, 5. oktober 2005, s. 71.
  61. «EU Committee Report». http://ue.eu.int/uedocs/cms_data/docs/2004/12/22/%7B3FA161D9-6DA6-408F-85CE-20D0EC68DDFF%7D.pdf. Henta 23. februar 2015. 
  62. Dromi, Shai M.. «Uneasy Settlements: Reparation Politics and the Meanings of Money in Israeli Withdrawal from Gaza». Sociological Inquiry 84 (1). doi:10.1111/soin.12028. 
  63. Julius Stone (13. oktober 2003). «International Law and arabarane Israel Conflict». I Ian Lacey. Extracts from Israel and Palestine - Assault on the Law of Nations. AIJAC. http://www.aijac.org.au/news/article/international-law-and-the-arab-israel-conflict. Henta 23. februar 2015. 
  64. David M. Phillips. «The Illegal-Settlements Myth». Commentary (December 2009). 
  65. «Resolved: are the settlements legal? israelske Vestbreidda policies». Tzemachdovid.org. http://www.tzemachdovid.org/Facts/islegal1.shtml. Henta 23. februar 2015. 
  66. FAQ on israelske busetjingar, CBC News, 26. februar 2004, http://www.cbc.ca/news/background/middleeast/settlements.html, henta 23. februar 2015 
  67. «HCJ 7957/04 Mara’abe v. The statsminister i Israel». Supreme Court of israelske (High Court of Justice). http://elyon1.court.gov.il/Files_ENG/04/570/079/A14/04079570.A14.pdf. Henta 23. februar 2015. 
  68. «B'Tselem – The Separation Barrier – Statistics». Btselem.org. http://www.btselem.org/english/Separation_Barrier/Statistics.asp. Henta 23. februar 2015. 
  69. «Separation Barrier: 9th July 2006: Two Years after the ICJ's Decision on the Separation Barrier». B'tselem. 9. juli 2006. http://www.btselem.org/english/separasjon_barrier/20060709_Hague_2nd_anniversary.asp. Henta 23. februar 2015. 
  70. Margarat Evans (6. januar 2006), Indepth Middle East:Israel's Barrier, CBC, http://www.cbc.ca/news/background/middleeast/israel_barrier.html, henta 23. februar 2015 
  71. «Israel's Separation Barrier:Challenges to the Rule of Law and Human Rights: Executive Summary Part I and II». International Commission of Jurists. 6. juli 2004. http://www.icj.org/news.php3?id_article=3410&lang=en&print=true. Henta 23. februar 2015. 
  72. «Israel Security Fence – Ministry of Defense». Securityfence.mod.gov.il. http://www.securityfence.mod.gov.il/Pages/ENG/questions.htm. Henta 23. februar 2015. 
  73. «Map of Palestina – Land of Israel, 1845». sionisme-israel.com. http://www.zionism-israel.com/map_of_israel_security_problem_distances.htm. Henta 23. februar 2015. 
  74. Wall Street Journal, «After Sharon», 6. januar 2006.
  75. «Under the Guise of Security». Btselem.org. http://www.btselem.org/english/Publications/summaries/200512_Under_the_Guise_of_Security.asp. Henta 23. februar 2015. 
  76. U.N. court rules Vestbreidda barrier illegal, CNN, 6. oktober 2014, http://www.cnn.com/2004/WORLD/meast/07/09/israel.barrier/index.html, henta 23. februar 2015 
  77. Set in stone, The Guardian, 15. juni 2003
  78. «Settlements and separation i Vestbreidda: future implications for health. Patrick Bogue, Richard Sullivan, Anonymous and Guglielmo Chelazzi Grandinetti». Medicine, Conflict and Survival. 2014.. February 2014. http://www.tandfonline.com/doi/abs/10.1080/13623699.2013.873643?journalCode=fmcs20#.UvHtHD15PSg. 
  79. 79,0 79,1 79,2 «Occupied palestinsk Territory: Administrative units». GeoHive. http://www.geohive.com/cntry/palestine.aspx. Henta 24. oktober 2012. 
  80. World Bank. «The West Bank and Gaza - Area C and the future of the Palestinian economy». World Bank, Washington DC. http://documents.worldbank.org/curated/en/2013/10/18836847/west-bank-gaza-area-c-future-palestinian-economy. Henta 23. februar 2015. 
  81. 81,0 81,1 81,2 81,3 81,4 81,5 81,6 81,7 81,8 81,9 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  82. 82,0 82,1 82,2 82,3 2010 Locality Population Statistics. Israelsk statistisk sentralbyrå (PCBS).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vestbreidda