Vesterbotn

Koordinatar: 70°5′34.436″N 24°58′38.082″E / 70.09289889°N 24.97724500°E / 70.09289889; 24.97724500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesterbotn
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Porsanger
Kart
Vesterbotn
70°05′34″N 24°58′38″E / 70.09289889°N 24.977245°E / 70.09289889; 24.977245

Vesterbotn (samisk Leavdnjavuotna, finsk Lemmivuono) er ein fjordarm i botn av Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 12 km sørover til Lakselv i botn av fjorden.

Fjorden går langs heile vestsida av Oldereidneset og har innløp mellom Stabbursnes i nordvest og Reassetnjárga i søraust. Fjorden er særs grunn, særleg langs sidene og i den ytre halvdelen der han berre er opp mot 8 meter på det djupast. Banak flyplass ligg sør i fjorden, og like nord for denne er fjorden opp mot 27 meter djup, som er det djupaste punktet i fjorden. Rullebana på flyplassen strekkjer seg nesten ein kilometer utover i fjorden. Her gjer fjorden ein liten sving austover og så sørover igjen på austsida av Banak. Denne delen av fjorden vert kalla Brennelvfjorden.

E6 går langs vestsida av fjorden, medan Fv181 går langs austsida av Brenneelvfjorden. Inst i Brennelvfjorden ligg Brennelv og Lakselv. Lakselva munnar ut i fjorden vest for flyplassen.

70°5′34.436″N 24°58′38.082″E / 70.09289889°N 24.97724500°E / 70.09289889; 24.97724500