Vestfoldbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestfoldbanen
Endestasjonen Skien stasjon
Foto: Trond Strandsberg
Info
Land Noreg
Status I drift
Utgangsstasjon Drammen stasjon
Endestasjon Skien stasjon
Tal på stasjonar 12[1]
Drift
Opna 13. oktober 1881
Eigar Bane NOR
Operatør(ar) NSB
Type trafikk Passasjertrafikk
Loktypar NSB type 70 og 74
Teknisk
Lengd 137,79 km[1]
Høgste fart 250 km/t
Planovergangar 76

Vestfoldbanen er den 137,79 km lange jernbanestrekninga frå Drammen i Buskerud, gjennom Vestfold og fram til Eidanger i Porsgrunn kommune. Banestrekninga frå Eidanger til Skien har namnet Bratsbergbanen. Førebels har 25,7 km av banen dobbeltspor. Vestfoldbanen inngår det såkalla InterCity-triangelet, jarnbanenettet som har Skien, Lillehammer og Halden som ytterpunkta, og som har heile 90 % av passasjertrafikken med tog i Noreg.

Strekninga mellom Drammen og Larvik vart opna 13. oktober 1881, og strekninga mellom Larvik og Skien vart opna 23. november 1882. Opphavleg vart banen kalla Grevskapsbanen eller Jarlsbergbanen. Vestfoldbanen vart elektrifisert i 1957.

Opphavleg var Vestfoldbanen smalspora, med ei sporvidd på 1067 millimeter. Banen var ein av dei siste i Noreg som vart bygd om til normal sporvidd. Arbeidet tok til så smått før andre verdskrigen, men fekk fart på seg fyrst etter krigen, og vart ikkje unnagjort før i 1949. Men på strekninga mellom Eidanger og Skien låg det allereie frå 1921 tre skjener, slik at det kunne køyrast både tog for smale spor og for normalspor her. Tog for normalspor vart nytta frå Brevik til Notodden og vidare til Rjukan.

Vestfoldbanen har hatt fleire sidebanar, som alle er lagde ned. I 1881 opna ei line frå Skoppum til Horten, som vart lagd ned i 2008 etter å ha vore ute av bruk i fleire år. I 1895 opna Brevikbanen frå Eidanger til Brevik, og her vart det slutt på persontrafikken i 1968, medan det på strekninga (Porsgrunn) – Eidanger – sementfabrikken framleis går godstog. Frå Tønsberg til Eidsfoss vart det opna ei line i 1901, og frå Holmestrand til Hvittingfoss vart det opna ei line i 1902, og båe to vart lagde ned i 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vestfoldbanen