Vestgermanske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei vestgermanske språka er engelsk, frisisk, nederlandsk, afrikaans, plattysk (lågtysk), høgtysk og jiddisch. Dei inngår mellom dei germanske språka, som er den største språkgruppa mellom dei indo-europeiske språka.

Det opphavlege germanske språket er ukjent i dag, da ein ikkje har skriftlege kjelder. Ein har likevel kunna konstruere eit urgermansk språk gjennom jamføring av dei ulike germanske språka. Dette språket utvikla seg til dei ulike germanske språka som sidan har funnest da germanske folkegrupper begynte å spreie seg over Nord-Europa i tida rundt Kristi fødsel.

Dei germanske språka brukar å bli oppdelte i tre språkgrupper, austgermanske språk, nordgermanske språk og vestgermanske språk. Dei austgermanske språka har døydd ut. Dei nordgermanske språka kallar vi òg nordiske språk.