Vestkystrap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestkystrap er ei form for hiphopmusikk frå vestkysten av USA, og då hovudsakleg California. Stilistisk delar han seg i to hovudbolkar, gangsta-rap (med g-funk og hyphy som viktige subsjangrar) og undergrunnsrap. Gangsta-rappen her skil seg frå austkyst-gangsta-rappen med at det ofte er mindre kompleks rapping, tungt funk-inspirert og ofte synthbasert produksjon og jamt over meir avslappa stemning. Undergrunnsscena her ligg nærare austkysten med mykje såkalla kreativ sampling og meir kompleks rapping.

I dei seinare åra har rolla vestkysten tradisjonelt har hatt i hiphop vorte overteken av Sørstatane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Snoop Dogg

Too $hort var den første store vestkystrapparen. Han tok til å rappa i 1981, og gav ut tre album på uavhengige plateselskap før han gjekk platina (1 million selde plater) med Born to mack i 1988. Stilen hans vert kjenneteikna av seksuelt eksplisitte tekstar som særs mange meiner er kvinneundertrykkjande.

Midtvegs på 80-talet tok vestkystrappen to hovudretningar, electro-hop og gangsta-rap. Electro-hoppen var lettbeint dansemusikk i grenselandet mellom hiphop og tekno, medan gangsta-rappen var røyndomsskildringar frå gatemiljøa, som særleg i Los Angeles var prega av konflikten mellom dei to gjengane Bloods og Crips. Ein sentral figur i begge retningane var produsenten og rapparen Dr. Dre, som var med i dei leiande gruppene World Class Wreckin' Cru (electro-hop) og N.W.A (Niggaz With Attitude, gangsta-rap). Electro-hoppen døydde likevel fort ut.

N.W.A var, saman med m.a. Ice-T, Above the Law og Compton's most wanted pionerar innanfor gangsta-rappen. Dei fem medlemmane kalla seg Eazy E, Ice Cube, Dr. Dre, MC Ren og DJ Yella, og var saman kanskje den mest innflytnadsrike gruppa innanfor hiphoppen. På grunn av dårlege kontraktar gjekk bandet i oppløysing etter få år, men fleire av medlemmane fekk suksessfulle solokarrierar.

Ice Cube forlet gruppa først, i 1990, og starta ein vestkystversjon av den politiske rappen Public Enemy og KRS one dreiv med på austkysten, i tett samarbeid med førstnemnde. Seinare vart rolla som vestkystens viktigaste politiske rappar teke over av Paris.

Dr. Dre forlet gruppa året etter, og starta opp Death Row Records saman med livvakta si Suge Knight. Her skapte han med albumet «The Chronic» ein ny sound, den såkalla gangster-funken eller g-funken. I tillegg til Dre sjølv var artistar som Snoop Doggy Dogg (seinare berre Snoop Dogg), Tha Dogg Pound, Warren G og Nate Dogg sentrale i denne rørsla.

Eit mellomledd mellom desse to retningane var Digital Underground-medlemen 2Pac, som på same måte som Ice Cube kombinerte gangster-mentalitet med politisk medvit. Han enda opp på Death Row Records i 1995, og døydde året etter då han vart skoten i Las Vegas. Det er omtrent på denne tida vestkystrappen si stordomstid er over, då Death Row Records heldt på å gå i oppløysing.

Det er òg no skiljet mellom gangsta-rappen og undergrunnsrappen tek form. Ei bølgje av uavhengige Los Angeles-plateselskap gjev ut musikk med artistar som Blackalicious, Jurassic 5, The Coup, Zion I og Dilated Peoples. Likevel heldt gangsta-rappen seg som den dominerande subsjangeren.

No om dagen opplever vestkystrappen ein renessanse, salstalsmessig med Compton-rapparen The Game (som vert produsert av Dr. Dre), E-40, Ice Cube og Tha Dogg Pound og musikalsk med Hyphy-bølgja til m.a. Keak da Sneak, Rick Rock & The Federation og E-40. Dette kjem sannsynlegvis av ei rekke personar (ikkje minst Snoop Dogg) sin innsats og arbeid for å samla kysten og skapa einskap.

Viktige vestkystartistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]