Vestlandsfanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestlandsfanden er eit norsk folk-rockband som vart starta i 1979. Fyrste offisielle spelejobb fekk det i 1980. Reidar Brendeland er frontfigur i gruppa.

Gruppa starta som eit band med irsk, skotsk, amerikansk og nordisk folkemusikk, og tekstar av mellom andre Kjartan Fløgstad, Ingvar Moe samt med melodiar og tekstar av Reidar Brendelandrepertoaret Vestlandsfanden har vore nominert til Spellemannprisen, gitt ut tolv plater og har hatt ei rekkje fjernsynsopptredenar, vore ofte på radio, og hatt mange topplasseringar på Norsktoppen.

Orkesteret i dag[endre | endre wikiteksten]

Vestlandsfanden består i dag av Reidar Brendeland (vokal, munnspel, tekst og melodiar), (tidlegare 3 Busserulls), Ivar Woxmyhr (fele, trekkspel, fløyte), Kjetil Lunde (gitarar), Sid Ringsby (bass) og Rune Engen (trommer) og Arne Martinussen (orgel, synth, piano, trekkspel).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vestlandsfanden (1982)
  • Lystig Lag (1983)
  • Vestlandsfanden III (1987)
  • Livets glade gutter (1989)
  • Livet har aldri vært rettferdig (1991)
  • Fanden er løs (1993)
  • Klappet & klart (1994)
  • Horn & Harpe (1995)
  • Ei god stund (1996)
  • Plommer i Hardanger (1999)
  • Hokahey (2003)
  • El Gordo (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]