Vestlandsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestlandsrådet

Vestlandet i Noreg
Medlemmer Møre og Romsdal

Vestland

Rogaland

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd for fylkeskommunaneVestlandet: Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Det vart etablert i 2003 og har som mål å:

  • Styrkje landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt
  • Koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og utvikle effektive tenester på tvers av fylkesgrensene
  • Fremje andre politiske saker av felles interesse
  • Aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
  • Skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
  • Ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene

Sjølve Vestlandsrådet består av 20 medlemmer, fem frå kvar fylkeskommune. Rådet møtest fire gonger i året og er lagt opp slik at ein årleg har eit møte i kvart fylke. Leiarvervet går på omgang for eit år av gangen mellom fylkesordførarane.

I tillegg til rådet er det skipa eit eige arbeidsutval (AU) med dei tre fylkesordførarane på Vestlandet. AU skal m.a. vere eit organ som set den politiske dagsorden og som avklarar kva saker ein skal arbeide med mellom møta og kva saker som skal takast opp i neste møte.

Frå våren 2010 er det etablert eit eige fast sekretariat for rådet. Sekretariatet er lokalisert til Førde, men vil frå februar 2012 har tilhaldstad i Stavanger.

Samarbeid om politiske saker[endre | endre wikiteksten]

Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. Arbeid med Ferjefri E39, Nasjonal Transportplan, rassikring, Stad skipstunnel, hamner med internasjonal standard og riksvegferjer med universell utforming har vore viktige samferdslepolitiske saker. Andre saker er å utvikle og kommersialisere nye opprettsartar på Vestlandet, sikre verftsindustrien, trygge dei tekniske fagskulane og sikre at ein har relevant fagmiljø og fagarbeidarar i framtida, spele ei viktig rolle med omsyn til forvaltning av oppdrettskonsesjonar, sikre gode rammevilkår for Kystruta (Hurtigruta), og å spele ei aktiv rolle for å få ei ny båtrute mellom Vestlandet og Newcastle.

Vestlandsrådet ønskjer også å vere ei tydeleg stemme i forhold til EU og det internasjonale samfunnet. Både fråsegn om Sellafield, om ny forvaltningsplan for Nordsjøen, innspel til EU sin fiskeripolitikk og kommentarar til EU sin 2020-strategi har vore drøfta og handsama i rådet. Vestlandet har elles sentrale posisjonar gjennom kvar einskild fylkeskommune både i North Sea Commission, og CPMR (Conference of Peripheral Maritime Regions) som er ein lobbyorganisasjon overfor EU. I tillegg er Vestlandsrådet medlem og kontaktpunkt for NORA – Nordatlantisk samarbeidsråd. NORA er etablert og langt på veg finansiert av Nordisk Ministerråd.

Vegen vidare[endre | endre wikiteksten]

Etter forvaltningsreforma og drøftingar om etablering av eigne regionar i Noreg, har Vestlandsrådet tatt nye grep og nyleg vedteke ein ny strategi. Her skisserte Vestlandsrådet seks nye satsingsområde for samarbeidet:

  • Internasjonalt arbeid
  • Samferdsle
  • Innovasjon og næringsutvikling
  • Kystressursforvaltning – marin og maritim verdiskaping
  • Energi og miljø
  • Kultur

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]