Vestnes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestnes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Vestnes
Areal 351,70 km²
 - land 347,29 km²
 - vatn 4,41 km²
Folketal 7 147  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Bjørn Inge Olsen (Sp) (2023)
Kommunenr. 1535
Kart
Vestnes kommune
62°35′04″N 7°01′06″E / 62.584444444444°N 7.0183333333333°E / 62.584444444444; 7.0183333333333
Wikimedia Commons: Vestnes
Nettstad: www.vestnes.kommune.no

Vestnes kommune er ein kommune som ligg på sørsida av Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Rauma i aust, til Stordal og Ørskog i sør, og til Skodje og Haram i vest. Nord for Moldefjorden ligg Molde kommune. Kommunen vart danna i 1964 då kommunane Vestnes og Tresfjord vart slåtte saman.

Utsyn mot Vestnes sentrum, med Helsetnakken og Hoemsfjella i bakgrunnen.

Vestnes kommune har fire tettstader; kommunesenteret Vestnes, Tomrefjord, Tresfjord og Fiksdal. I tillegg har kommunen bygdene Rekdal, Øverås/Nerås, Daugstad og Vikebukt.


Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Vestnes kyrkje ligg på Helland i Vestnes, administrasjonssenteret. På andre sida av Tresfjorden ligg Vike kyrkje på Vike (Vikebukt). Tresfjord kyrkje ligg lengst inn i Tresfjorden og i Fiksdal ligg Fiksdal kyrkje.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Vestnes er i hovudsak ein industrikommune, men er òg ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Den viktigaste bransjen i Vestnes kommune er skips- og båtbygging. Elles har kommunen bedrifter innan næringsmiddel-, tekstil- og beklednings-, trevare-, møbel- og metallvareindustri, og produksjon av mineralske produkt.[1]

E136 frå Ålesund og Sjøholt går langs Tresfjorden og vidare til Åndalsnes og Dombås. Frå E136 går E39 (Kristiansand–Trondheim) til Vestnes og herfrå går fylkesveg 661 til Tomrefjord og vidare langs vestsida av Tomrefjorden til Vatne i Haram. Det er ferjesamband med Molde frå Furneset på E39, og hurtigbåtsamband mellom Molde, Vestnes og Vikebukt.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Vestnes kommune frå 1899:

1.1.1899[2] 1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7] 1.1.1961[6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
3756 3857 3985 4044 4776 4901 5195 5637 6289 6413 6486 6506
Vestnes kyrkje
Vestnes poststasjon på siste halvdelen av 1800-talet

Kjende folk frå Vestnes kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Geir Thorsnæs (8. juli 2010). «Vestnes». Store Norske Leksikon. Henta 16. august 2014. 
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Vestnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Tresfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.