Vestsmølens slip og motorverksted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestsmølens slip og motorverksted vart stifta på RåketSmøla i 1913/1914 og produserte båtmotorar. Produksjonen var liten og gjekk for det meste til lokale fiskebåtar. Føretaket nytta merkenamnet Vestsmøl.

Motorar[endre | endre wikiteksten]

Ein tidleg type, kalla «Grønvik-motoren», hadde ei effekt på 4 hk. I perioden fram til 1928/1929 vart det produsert berre 15 slike motorar. Den fyrste av desse motorane står no på Smøla museum.

Ein ny serie glødehovudmotorar på 11 og 15 hk vart produsert fram til 1946. Men produksjonen var framleis liten, med berre 15 stk på 11 hk og 16 stk på 15 hk. Då motorproduksjonen vart lagt ned gjekk føretaket over til å produsera kvalharpunar, og heldt fram med det til føretaket vart nedlagt i 1959.

Referansar[endre | endre wikiteksten]