Veststraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 74°15′S 15°0′W
Veststraumen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 74°15′S 15°0′W
Lengd 70 km
Administrert under Antarktistraktaten
Veststraumen is located in Antarktis
Veststraumen (Antarktis)

Veststraumen er ein isbre som er kring 70 km lang og flyt vestover langs sørenden av Vestfjella og ut i Riiser-Larsenisen. Isbreen vart sett under U.S. Navy sin flytur med eit LC-130-fly over kysten den 5. november 1967, og vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå fotografi tekne på den tida. I 1969 gav Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) han namnet «Endurancebreen» til minne om polarskuta «Endurance» i denne delen av Weddellhavet i 1915, men namnet vart avslått av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) fordi det var eit identisk namn på ein liten bre på Elefantøya. Det skildrande namnet «Veststraumen» finst på eit kart av Norsk Polarinstitutt frå 1972.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Veststraumen Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).