Vesuvian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesuvian

Vesuvian frå Jeffrey Mine i Asbestos i Quebec
Generelt
KategoriSorosilikat
Kjemisk formelCa10(Mg, Fe)2Al4(SiO4)5(Si2O7)2(OH,F)4
Strunz-klassifisering09.BG.35
KrystallsymmetriTetragonal 4/m 2/m 2/m
Einingscellea = 15.52 Å, c = 11.82 Å; Z = 2
Identifikasjon
FargeGul, grøn, brun; fargelaus til kvit, blå, fiolett, blågrøn, rosa, raud, svart, vanlegvis stripete
KrystallformKort pyramidal til lange prismatiske krystallar er vanleg, massive til skiveforma
KrystallsystemTetragonal
TvillingFine tvillingområde observert
KløyvDårleg på {110} og {100} særs dårleg på {001}
BrotUndermuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala6 - 7
Glansglasaktig til harpiksaktig
StrekfargeKvit
TransparensDelvis gjennomsiktig til gjennomskinneleg
Spesifikk vekt3.32 - 3.43
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.703 - 1.752 nε = 1.700 - 1.746
Dobbeltbryting0.004-0.006
Pleokroismelett i farga varietetar
OppløyselegheitSå godt som ikkje-oppløyseleg i syrer
Andre eigenskaparstripete lengder
Kjelder[1][2]

Vesuvian eller idokras er eit mineral som finst på kontakt- og skarnførekomstar, krystalliserer tetragonalt og er oftast brunt, gult eller grønt. Klare varietetar kan brukast som smykkesteinar (hardleik 6–7). Vene krystall kjennest frå fleire lokalitetar i Oslofeltet, særleg Hamrefjell i Eiker og Myrseter ved Drammen. Spesielt store krystall er funne i Eg ved Kristiansand, elles finst vesuvian ei rekkje stader i Noreg. Den sjeldne varieteten cyprin, som er blå og noko koparhaldig, er originalskildra frå Noreg (Sauland i Telemark). Mineralet er eit hydroksylhaldig silikat av kalsium, magnesium, jarn og aluminium, med formel Ca10(Mg,Fe)2Al4(SiO4)5(Si2O7)2(OH)4.

Det vart først oppdaga i blokker eller like ved lavaer på Vesuv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]