Vinter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vetter)
Vinterlandskap i Austerrike.
Animasjonen syner utbreiinga av snødekke gjennom året.

Vinter eller vetter er den kaldaste årstida på ein plass. Han er prega av at lite eller ingenting veks og gjerne av kortare dagar.

Temperert vinter[endre | endre wikiteksten]

I tempererte strok er vinteren ei av dei fire årstidene. Han tek offisielt til ved vintersolkverv og ender ved vårjamdøgn. Vintersolkverv er rundt 21. desemberden nordlege og 21. juniden sørlege halvkula, vårjamdøgn om lag 21. mars og 21. september på dei ulike stadene.

Frå haustjamdøgn og fram mot vintersolkverv står sola opp seinare og går ned tidlegare, og dagane blir kortare. Heilt i nord og heilt i sør får ein mørketid. Etter vintersolkvervet blir dagane lengre igjen. Det manglande sollyset kan få ein del menneske til å utvikla vinterdepresjon. For å hjelpa mot mørkret kan ein leggja lyshøgtider, som jul, til denne årstida.

For mange barn er vinteren ei tid for snømannlaging.

Mindre sollys gjer at temperaturen søkk, og vintertida kan vera kjølig eller svært kald, med nedbør i form av hagl eller snø, og islagde vatn. Dette har naturleg ført til utviklinga av særskilde vinteraktivitetar, som vinteridrett og snøskulpturering, som dreg nytte av is og snø.

Ein skulle kanskje tru at jorda er lengst borte frå sola om vinteren, men det er faktisk omvendt. Jorda er nærast sola om sommaren og vinteren, og lengst borte om hausten og våren. Jordbana er nemleg litt ovalforma. Grunnen til at det er mindre sollys og lågare temperatur om vinteren er i staden at den eine enden av jorda vender meir bort frå sola enn den andre enden, fordi jordaksen ikkje står vinkelrettjordbana.

Reint klimatisk, særleg i nordlege land, finn ein som regel at vinteren startar noko tidlegare enn vintersolkverv. Ein kan òg seia at vinteren er tida frå lauvet fell og til trea får knoppar igjen. Sagt på anna vis er vinteren tida mellom haust og vår.

I klimalæra definerast gjerne vinter kvantitativt til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er lågare enn 0 °C. Etter denne definisjonen varer vinteren i Oslo 119 døgn og i Tromsø 160 døgn, mens Stavanger ikkje har noko vinter i det heile sidan den kaldaste månaden (februar) har ein døgnmiddeltemperatur på 1,1 °C.

Tropisk vinter[endre | endre wikiteksten]

I tropane er dagane berre litt kortare enn sommardagane. Vintertida er behageleg kjølig, med lågare temperaturar enn den steikvarme sommaren. Det er òg lite nedbør på denne tida av året.

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

I eldre tider sa ein gjerne kor mange vintrar nokon var, når det var snakk om alderen på folk. I denne tydinga var ein vinter lik eit år. Bakgrunnen for dette kan vera at vinteren var den hardaste årstida, og viss ein hadde overlevd vinteren så var ein blitt eit år eldre. I andre, gjerne meir romantiske samanhengar kunne ein seia kor mange somrar ein var, og her var ein sommar også lik eit år. (Men om ein var 14 somrar og 14 vintrar, så var ein ikkje 28 år av den grunn!) Denne tydinga er framleis noko brukt i litterært språk.

Snø er eit symbol på vinter.


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Årstidene