Vevarar
| Vevarar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Ploceidae | |
| Slekter | ||
|
||
Vevarar, Ploceidae, er ein artsrik familie i ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Familien omfattar ca. 116 artar i 16 slekter. Vevarar har fått namn etter det kunstferdig vove reiret dei byggjer, jamvel om nokre artar er kjente for selektivt parasittiske hekkevanar.
Dei fleste artane lever i skogshabitat, krattskog og ope grasland i Afrika sør for Sahara. Berre nokre få artar lever og hekkar i tropiske område i Asia og dessutan i Australia. Mange artar av vevarar føljer og lever nær menneske. Dette er frøetande fuglar med avrunda koniske nebb. Kroppslengda er mellom 8 og 24 centimeter. Hannane av mange artar er fargerike, vanlegvis i raudt eller gult og svart, nokre artar viser variasjon i farge berre i hekkesesongen. Dei er selskapelege fuglar som ofte hekkar koloniar, gjerne nær vassførekomstar. Fuglane byggjer reiret saman for vern, ofte fleire i ei grein. Vanlegvis er det hannfuglane som vev reiret og brukar det for å imponere potensielle makar.
Reira varierer i storleik, form, i materialar som blir brukte, og byggeteknikkar varierer frå art til art. Materialar som blir brukte for å byggje reir inkluderer fine bladfibrar, gras og kvistar. Mange artar vev særs fint med tynne trådar av blad fiber, sjølv om nokre, som bøffelvevarar, formar koloniar av massive, uryddige reir lagd av trepinnar. Slike konstruksjonar kan ha sfærisk vove reir innanfor den ytre veggen. Dei afrikanske vevarartane i Plocepasser byggjer «blokkhusvære», der kvart av 100-300 par har sitt separate kolbeforma kammer med inngang frå undersida. Dei fleste artene vev reir med tronge, nedovervendte inngangar. Somme vevarartar kan ha dei mest forseggjorte av alle fuglereir.
Vevarar kan gjere skade på avlingar, spesielt blodnebbvevar som har vore rekna å vere kanskje verdas mest talrike fugleart.
Artslista [endre]
Vevarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
|
Slekt Bubalornis
Slekt Dinemellia
Slekt Sporopipes
Slekt Plocepasser
Slekt Histurgops
Slekt Pseudonigrita
Slekt Philetairus
Slekt Malimbus
Slekt Anaplectes
Slekt Ploceus over 60 artar Slekt Pachyphantes
|
Slekt Quelea
Slekt Brachycope
Slekt Foudia
Slekt Euplectes
Slekt Amblyospiza
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ploceidae» frå Wikipedia på engelsk, og på «Webervögel» frå Wikipedia på tysk den 3. oktober 2010
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av vevarar hos Internet Bird Collection