Vevgrensesnitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vevgrensesnitt er eit brukargrensesnitt som er realisert i form av eit vevprogram (eit program som køyrer på ein vevtenar). Føremonen med eit vevgrensesnitt er at det fungerer med alle operativsystem. Ulempene er at det er noko treigare enn eit lokalt grensesnitt og at funksjonaliteten ofte er avgrensa. Men for enkle oppgåver fungerer slike grensesnitt ofte godt. Typiske døme er konfigurasjon av ulike einingar tilknytt eit lokalnett, e-postlesarar, sokemotorar og så vidare.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.