Veving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handveving i Peru.

Veving er det å laga klede ved at ein set saman to sett trådsystem som kryssar kvarandre vinkelrett. Veving kan gjerast for hand eller industrielt med maskinar. Under veving sit dei langsgåande trådane, kalla renning eller varp, fast i vevstolen. Dei tversgåande trådane som vevaren legg inn blir kalla innslag eller veft. Ved ulik fargebruk i eitt eller begge setta kan ein få fram ulike mønster i stoffet. Ved dekorativ veving kan ein skapa kunstforma biletvev.

Raudfarga renning (1) og blåfarga innslag (2).

For å veva må ein ha ei renning spent fast i vevstolen. Ho er sett fast i hovlar som igjen sit på skaft som kan hevast og senkast, og fordelt utover ved hjelp av ei vevskei. Ein legg innslaget inn i rommet mellom heva og senka renningtrådar. Ved konvensjonell veving fører ein tråden inn med ein skyttel som held han opplagt på ein liten spole. Etter at innslaget er ført gjennom skiljet, blir det slått det inn mot vevnadsfronten med vevskeia. Deretter bytter trådane i renninga posisjon og dannar eit nytt skilje, og innslaget blir bunde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]