Vevkjerringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vevkjerringar


Phalangium opilio
Phalangium opilio

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Cheliceriformes
Klasse: Arachnida
Orden: Opiliones
Vitskapleg namn
Opiliones
Sundevall, 1833

Vevkjerringar eller langbein (Opiliones) er ei gruppe edderkoppdyr med særs lange bein sett i høve til kroppen. Gruppa er særs stor, med omkring 6 400 beskrivne artar[1], dei fleste i tropisk Sør-Amerika og Søraust-Asia. I Norden førekjem det 24 av dei[2]; 17 av desse er funne i Noreg[3]. Stikk i strid med kva mange trur er dei ikkje farlege i det heile teke.

Tovengjer av familien Tipulidae har òg særs lange bein og vert òg ofte kalla «langbeinar» eller «stankelbeinar»; desse er derimot lette å skilja frå vevkjerringane på at dei har tydelege vengjer og lang bakkropp.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vevkjerringar har, som andre edderkoppdyr, todelt kropp delt i forkroppen prosoma og bakkroppen opisthosoma. Forkroppen er vidare delt inn i ei for-forkropp proterosoma og to fri ekstrasegment som dannar ei brei kopling med bakkroppen. Det er ikkje alltid like lett å sjå dette, og sjølv på ganske nært hald kan det verke som om kroppen berre består av eitt ovalt kroppssegment.

Klosaksane er små og består av berre tre segment, og pedipalpane er lange og liknar bein. Om lag midt oppe på kroppen til vevkjerringane sit det eitt par augo på ein slags «plattform» eller «pidestall» ein kallar ein augetuberkel. På bakkroppen har vevkjerringane eitt par med trakeopningar.

I motsetnad til hjå andre edderkoppdyr har vevkjerring-hannane ein penis.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste vevkjerringar likar seg best i fuktige og skuggefulle område i skogbotnar og i holer. Dei lever stort sett av små virvellause dyr, men kan òg eta ein del små åtsel og daudt plantemateriale. Dei brukar pedipalpane til å føra maten til munnen, der dei først tygg han opp med klosaksene. Noko som skil vevkjerringane frå andre edderkoppdyr er at dei er i stand til å ta opp solide partiklar, ikkje berre flytande føde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kury, Adriano B: Classification of Opiliones
  2. Stol, Ingvar: Distribution and ecology of harvestmen (Opiliones) in the Nordic countries Norwegian Journal of Entomology nr.1 2003 (Samandrag)
  3. Stol, Ingvar: «Checklist of Nordic Opiliones» i Norwegian Journal of Entomology vol.54, no.1 2007 (s.23-26)