Vevnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handvovne stoff i Bhutan.

Vevnad er eit vove tøystykke. Ulike typar vevnad kan mellom anna brukast til klede, innreiing og større innretningar, som seglduk og telt.

Ulike typar vevnad skil seg gjennom materialet ein bruker, til dømes ull, lin eller kunststoff, tjukkleik og farge på tråden, og vevemåten. Mønsteret for kryssingspunkta mellom varp og veft blir kalla bindinga til vevnaden. Den bindingstekniske eller mønstertekniske eininga i vevnaden som blir gjenteken under veving, blir kalla ein rapport. Ein skil mellom tre grunnbindingar:

Skjematisk framstilling av korleis dei vinkelrette trådsystema kan kryssa kvarandre i ulike typar vevnad, til dømes lerretsbinding (a) og panamabinding (b).
  • Toskaftbinding, òg kalla lerretsbinding, som er den enklaste og kor vefttråden går regelmessig over og under annenkvar varptråd, medan neste vefttråd går omvendt.
  • Kyperbinding (twill, diagonal), der bindepunkta går på skrå av lengderetninga på stoffet og dannar markerte skråstriper.
  • Satengbinding, der bindepunkta ligg meir isolert frå kvarandre og kor dei to trådsystema er framtredande på kvar si side av vevnaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]