Vevring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vevring
stad
Vevring kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Postnummer 6817 NAUSTDAL
Kart
Vevring kommune
61°29′29″N 5°23′44″E / 61.491388888889°N 5.3955555555556°E / 61.491388888889; 5.3955555555556
Wikimedia Commons: Vevring

Vevring er ei bygd i Sunnfjord kommune i Vestland. Bygda ligg på nordsida av Førdefjorden. Bygda var sentrum for den tidlegare sjølvstendige kommunen Vevring kommune fram til 1964.

Vevring kommune 1837-1964[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart opprett som Vevring formannskapsdistrikt i 1837.

1. januar 1964 blei kommunen delt og slått saman med andre kommunar.[1] Området nord for Førdefjorden med 439 innbyggjarar (unnateke Steindal krins) blei slått saman med delar av Naustdal til den nye Naustdal kommune.

Området sør for Førdefjorden med 407 innbyggjarar blei slått saman med Askvoll kommune, og området sør for Førdefjorden i Bru kommune til den nye Askvoll kommune.

Steindal krins i Vevring, med 25 innbyggjarar, blei slått saman med Florø, Eikefjord og Kinn kommunar saman med delar av Bremanger og Bru til ein ny kommune, som fekk namnet Flora kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Vevring kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
1141 1037 975 954 890 871

Arkiv frå Vevring kommune[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Vevring 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå