Vi har så korte armar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vi har så korte armar — med undertittel Tilstandsrapportar — er ein roman av Olaug Nilssen som vart utgjeven i 2002.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Liv og Ølgjer er to ungdomar på kring same alder frå bygda Skoddeheimen i Sogn og Fjordane fylke. Båe studerer dei i Bergen. I tilbakeblikk får lesaren glimt av oppveksten i ei bygd der skodda ligg tjukk i dagesvis og sola berre unntaksvis er framme. Når sola er framme, får ho folk til å gå ut, møtast og le saman.

Ein får inntrykk av at både Liv og Ølgjer har vore utsette for ei viss grad av mobbing, eller at dei i alle høve ikkje har vore med i gjengen. Det har derimot dei to fandenivoldske jentene — «vi» — som opnar og avsluttar romanen. Rett som det er kikar dei inn gjennom vindauga eller lyder ved dørene til hyblane til hovudpersonane. Desse kan like gjerne representera kjensla hovudpersonane har av å verta fylgde med eit vake blikk av omgjevnadane, dvs. hjembygda. Både Liv og Ølgjer prøver å bryta opp frå dei verdiane dei er oppvaksne med og finna sitt eige liv.

Ølgjer er den som ser ut til å lukkast best med det, medan Liv blir lamma av tanken på korleis ho tek seg ut framfor andre — anten det er studiekameratar eller Ølgjer, som ho gjerne vil elska og bli elska av. Mykje av romanen skildrar fantasiane til Liv i form av indre monolog eller .dagboksblad. Ho viser og tendensar til manisk reinsemd, og er sjølvsagt plaga av det noko lettvinte stellet til dei andre i hybelhuset.

Verkemiddel[endre | endre wikiteksten]

Nilssen skriv ein typisk postmodernistisk prosa, med sitat, allusjonar og tekstbitar frå andre verk — særleg salmer. Handlinga vekslar mellom notid og fortid, og overgangane mellom ytre og indre plan, fantasi og røyndom er ofte umerkelege. Dialogane kan ta til i den verkelege verda for så å gå over til å bli indre samtalar Liv fører med andre. Lange parti kan minne om medvitsstraunmar der teksten blir styrt av assosiasjonar og tankesprang.

Tittelen kan visa til eit pessimistisk syn på om det er mogleg for menneske å nå kvarandre i meiningsfull kommunikasjon.