Viamala
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Viamala | |
| Dal | |
|
Viamala med to bruer frå forskjellige tider
|
|
| stad | Graubünden |
|---|---|
| - høgd | ca, 842 moh |
| - koordinatar | |
| Lengd | 5 km |
| Breidde | 0,5 til 0,006 km |
Viamala eller Via Mala (retoromansk for dårleg sti) er ein gammal og frykta del av elva Hinterrhein mellom Zillis-Reischen og Thusis i kantonen Graubünden. Denne smale kløfta var det vanskelegaste hinder på vegen til dei to fjellovergangane Splügen- og San Bernardino-passet.
Historie [endre]
Helleristningar i Carschenna viser at det allereie i bronsealderen (ca 1500 f.Kr.) gjekk ein kløvsti over Alpane gjennom desse traktene.
I romartida førde ein veg frå Milano til Lindau over San Bernardino-passet gjennom Via Mala, men det er uklart om han var farbar med vogner.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Viamala» frå Wikipedia på engelsk, og «Viamala» frå Wikipedia på bokmål den 5. november 2011.