Viareggio
| Viareggio | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Region Provins |
Toscana Lucca |
||
| Borgarmeister | Marco Marcucci | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
31,88 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
63 276 1985/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 2 m | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 55049, 55048 | ||
| Telefon-retningsnummer | 0584 | ||
| Nettstad: www.comune.viareggio.lu.it | |||
Viareggio er ein by i provinsen Lucca i regionen Toscana i Italia med om lag 65 000 innbyggjarar.
Han ligg ved kysten av Tyrrenhavet i området kalla Versilia og er den nest største byen i provinsen.
Han er kjend som ein feriestad og for karnevalet i Viareggio (som har ei historie tilbake til 1873).
Byen har røter tilbake til første halvdel av 1500-talet då han vart den einaste hamna i Republikken Lucca. Den eldste bygningen i Viareggio er Torre Matilde og vart bygd av folk frå Lucca i 1541 som eit forsvarsverk mot sjørøvarar.
Viareggio er eit aktivt industri- og produksjonssenter der skipsbyggarindustrien lenge har vore kjend over heile verda. I tillegg er fiske og blomsterdyrking viktige næringar.
Det har lenge vore rivalisering mellom Viareggio og Lucca og innbyggjarane i Lucca kallar Viareggio for Marina di Lucca («Hamna til Lucca»). På den andre sida har innbyggjarane i Viareggio skrive songar som gjer narr av naboane sine i Lucca.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Viareggio» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.