Viasat Sport N

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Viasat Sport N eller berre Sport N, er ein norsk sportskanal som vart lansert den 29. november 2005 av MTG og NRK. Sport N erstatta den tidlegare nordiske kanalen Viasat Sport 1, og er tilgjengeleg som ein del av grunnpakka til Get kabel-TV, satellittplattforma til Viasat og i det digitale bakkenettet.

Kanalen vert drifta av Digital Vision, og har teknisk base på Bjerke i Oslo.