Vibo Valentia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vibo Valentia
Vibo panorama.JPG
Plassering
Vibo Valentia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Calabria
Vibo Valentia
Borgarmeister Francesco Mario Sammarco
Geografi
Flatevidd
 - By

46 2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

33 957
  732,8/km²
Koordinatar 38°40′″N 16°05′″EKoordinatar: 38°40′″N 16°05′″E
Høgd over havet 476 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 89900, 89811
Telefon-retningsnummer 0963
Nettstad: www.comune.vibo-valentia.vv.it

Vibo Valentia er ein by sør i Italia, nær Tyrrenhavet. Han er hovudstad i provinsen Vibo Valentia i regionen Calabria og har om lag 35 000 innbyggjarar. Byen er eit handels-, jordbruks- og turistsenter (dei mest kjende stadane i nærleiken er Tropea, Ricadi og Pizzo) i provinsen. Svært viktig for lokaløkonomien er hamna Vibo Marina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vibo Valentia var opphavleg ein gresk koloni kalla Hipponion. Han vart truleg grunnlagd rundt 600-talet fvt. av innbyggjarar frå Locri, ein viktig by i det italienske Magna Graecia, sørvest for Vibo Valentia ved Det joniske havet. Diodorus Siculus skriv at byen vart erobra i 388 fvt. av Dionysius den eldre, tyrann i Siracusa, som deporterte alle innbyggjarane. Innbyggjarane kom tilbake i 378 fvt. med hjelp frå Kartago. Dei nest åra kom Hipponion under bruttiane sitt styre, som kontrollerte det meste av Calabria. Etter at byen kom inn under romarane vart namnet latinisert til Hipponium. Byen vart ein romersk koloni i 194 fvt. med namnet Vibo Valentia. Etter ein periode med velstand seint i Republikken og tidleg i Romarriket, vart byen nesten forlatt etter Romarriket sitt fall. I 1070 bygde normannarar ei borg der den gamle akropolisen låg, og i 1235 vart ein ny by grunnlagd her av Fredrik II, den tysk-romerske keisaren og konge av Sicilia. Byen fekk namnet Monteleone. Byen fekk først sitt gamle romerske namn Vibo Valentia i 1928.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Vibo Valentia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2007.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • The Columbia Encyclopedia, Sixth Edition. Columbia University Press. 2001. [1]
      • The Princeton encyclopedia of classical sites; Stillwell, Richard. MacDonald, William L. McAlister, Marian Holland. Princeton, N.J. Princeton University Press. 1976. ISBN 0-691-03542-3 [2]