Vicente Emparán

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Namnetrekket til Vicente Emparan.
19 de Abril (1835) Måla av Juan Lovera frå minnet. Emparán, i svart uniform, står på trappa til domkyrkja omringa av gråkledde byrådsmedlem og andre framståande borgarar.

Vicente Emparán, (17473. oktober 1842) var ein spansk general av baskisk opphav. Han var kaptein-general for Venezuela og blei avsett då landet som det første av dei spanske koloniane kravde sjølvstende.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Vicente de Emparan y Orbe var fødd i Azpeitia i Guipúzcoa i den spanske regionen Baskarland. Han var guvernør for Cumaná-provinsen i kolonien Venezuela frå 1792 til 1804, og fekk her eit godt omdøme blant venezuelanarnae.[1]

Under Den spanske sjølvstendekrigen drog Emparán tilbake til Spania. Han blei utnemnd til kaptein-general av franske Joseph Bonaparte si regjering i 1808, men gjekk like etter over til den spanske motstandsjuntaen og svor truskap til kong Ferdinand VII, som var i fransk fangenskap. I januar 1809 utnemnde juntaen han til kapteingeneral av Venezuela etter avdøde Manuel de Guevara y Vasconcelos.

Kaptein-general[endre | endre wikiteksten]

I mai 1809 kom Emparán tilbake til Venezuela i mai 1809. I løpet av det påfølgjande året stoppa han fleire forsøk på å oppretta ein junta i landet, ofte gjennom å snakka med leiarane av rørslene. Han var godt likt, men blei likevel avsett den 19. april 1810, då medlemmer av byrådet i Caracas og andre framståande borgarar nytta den store folkemengda samla på skjærtorsdag til å tvinga fram ein junta. Då Emparán kom for å gå i domkyrkja blei han tvinga av folkemassen til å gå inn i byrådsbygningen i staden (dagens Casa Amarilla) på andre sida av plassen. Her møtte han eit utvida byråd (cabildo abierto). Emparán talte direkte til folket frå balkongen av bygningen og sa at han trekte seg som kaptein-general. Byrådet danna den øvste juntaen for Caracas og byrja yra provinsen.

Etter avsettinga drog Emparán til Philadelphia i USA og rapporterte til dei spanske styresmaktene om hendingane. Han drog tilbake til Spania der det verker som han blei stilt for retten for å ikkje ha stoppa overtakinga til juntaen, men blei frifunnen.

Vicente Emparán døydde i El Puerto de Santa María i Cádiz i 1842.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McKingley, 154.
  • Diccionario de Historia de Venezuela. Caracas: Fundacíon Polar, 1997. ISBN 980-6397-37-1
  • McKingley, P. Michael. Pre-Revolutionary Caracas: Politics, Economy, and Society, 1777-1811. Cambridge: Cambridge University Press, 1985. ISBN 0-521-30450-4
  • Parra Pérez, Caracciolo. Historia de la Primera República de Venezuela. Madrid: Ediciones Guadarrama, 1959.