Vicente del Bosque
Vicente del Bosque Gonzales, marki av del Bosque, (fødd 23. desember 1950 i Salamanca) er ein spansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. For tida er han landslagstrenar for det spanske herrelandslaget i fotball, noko han har hatt svært stor suksess med.
Som fotballspelar spelte del Bosque for Real Madrid, Plus Ultra, CD Castellón og Córdoba CF i tillegg til å spela atten kampar for det spanske landslaget. Han la opp som profesjonell spelar i 1984.
I 1987 tok han over som fotballtrenar i Real Madrid, ei stilling han hadde i fleire periodar fram til 2003. I 2008 tok han over som landslagstrenar etter Luis Aragonés. Aragonés gjekk av etter å ha gjort laget til europameistrar i EM i fotball 2008. Med del Bosque som trenar gjekk det spanske landslaget vidare til å bli verdsmeistrar under VM i fotball 2010 og europameistrar for andre gong på rad under EM i fotball 2012.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Vicente del Bosque» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2012.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Casillas (kaptein) • 2 Albiol • 3 Piqué • 4 Marchena • 5 Puyol • 6 Iniesta • 7 Villa • 8 Xavi • 9 Torres • 10 Fàbregas • 11 Capdevila • 12 Valdés • 13 Mata • 14 Alonso • 15 Ramos • 16 Busquets • 17 Arbeloa • 18 Pedro • 19 Llorente • 20 Martínez • 21 Silva • 22 Navas • 23 Reina • Trenar: del Bosque |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Casillas (kaptein) • 2 Albiol • 3 Piqué • 4 Martínez • 5 Juanfran • 6 Iniesta • 7 Pedro • 8 Xavi • 9 Torres • 10 Fàbregas • 11 Negredo • 12 Valdés • 13 Mata • 14 Alonso • 15 Ramos • 16 Busquets • 17 Arbeloa • 18 Alba • 19 Llorente • 20 Cazorla • 21 Silva • 22 Navas • 23 Reina • Trenar: Del Bosque |
||