Vichy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vichy
Rådhuset i Vichy
Rådhuset i Vichy
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne
Allier
Geografi
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

26 501
  4 530/km²
Koordinatar 46°10′″N 3°24′″EKoordinatar: 46°10′″N 3°24′″E
Høgd over havet 249 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-vichy.fr

Vichy (oksitansk: Vichèi) er ein by og kommune i Frankrike. Han ligg i departementet Allier i Auvergne, og er kjend som ein kurstad og ferieby. Byen har om lag 25 000 innbyggjarar, som vert kalla vichyssois. Vichy var de facto hovudstad av Vichy-Frankrike under Nazi-Tyskland sin okkupasjon av Frankrike under den andre verdskrigen frå 1940 til 1944.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vichy ligg ved breidda av elva Allier. Kjelda til Allier ligg i dei nærliggande fjella Massif Central, som berre ligg nokre kilometer lenger sør, nær regionshovudstaden Clermont-Ferrand. Kraftig snøfall i Massif Central gjer ofte at vegane ikkje er framkommelege, men Vichy ligg lågt nok (250 moh) til at klimaet er meir kontinentalt.

Sjølv om tidlegare vulkansk aktivitet i Massif Central er meir synleg i byar som Le Puy-en-Velay, er det den vulkanske aktiviteten som er opphav til dei mange varmekjeldene i Vichy.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romarane grunnla ei busetnad her i år 52 fvt., og kjende til dei varme kjeldene som dei var ivrig til å utnytte. Det er derimot først på 200-talet at namnet Vipiacus dukkar opp i nedskrivne kjelder. Dette namnet endra seg med tida til Vichiacus, Vichiet eller Vichier og til slutt Vichy.

På 1300-talet vart byen ein del av Huset Bourbon, og i 1410 vart det grunnlagd eit kloster her med tolv munkar. I 1527 vart Huset Bourbon ein del av det franske kongedømet. Mot slutten av 1500-talet fekk dei varme kjeldene rykte på seg for å ha mirakuløse krefter som kunne lækje visse sjukdommar, og byen trekte til seg mange adelsfolk og rike klassar.

Marie de Rabutin-Chantal, marquise de Sévigné, var pasient her i 1676-1677, som ho skreiv nokre vidkjende brev om. Vatnet i Vichy skal visstnok ha lækt ei lamming ho hadde i hendene sine, noko som gjorde at ho kunne skrive dei vidkjende breva. Stadig fleire pasientar kom til Vichy, og anlegget rundt dei varme kjeldene vart fleire gonger utvida.

22. juni 1940 signerte Frankrike ein våpenkvileavtale med tyskarane, og områda som ikkje var okkupert av Tyskland fekk namnet Vichy-Frankrike (État Français i motsetnad til det tradisjonelle namnet République Française). Vichy vart vald til hovudstad sidan han låg relativt nær Paris (4,5 time med tog) og hadde den største hotellkapasiteten i landet på den tida. I tillegg hadde byen eit svært moderne telefonsamband, som gjorde det mogeleg å nå heile verda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vichy