Vicosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vicosjøen
Vicosjøen - Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Vicosjøen is located in Italia
Stad Lazio
Koordinatar 42°19′N 12°10′EKoordinatar: 42°19′N 12°10′E
Type innsjø Kratersjø
Utsig Rio Vicano
Tilsigsområde 40,95 km²
Tilknytte land Italia
Overflateareal 12,93 km²
Høgd over havet 510 moh.

Vicosjøen er ein kratersjø nord i Lazio i Italia. Administrativt høyrer han til kommunane Caprarola og Ronciglione. Rundt innsjøen ligg Ciminifjella, særleg Monte Fogliano (965 m) og Monte Venere (851 m). Innsjøen er ein del av eit naturreservat.

I følgje ei segn vart innsjøen danna av Herkules, som hadde utfordra dei lokale innbyggjarane til å plukke opp klubba hans. Då han sjølv gjorde det sprang det ut ei kjelde som danna innsjøen. Innsjøen er eigentleg eit resultat av tidlegare vulkansk aktivitet i Lazio og vart danna for om lag 100 000 år sidan. Etruskarane lagde ein tunnel ved innsjøen som tømde ut ein del av vatnet. Før dette var han truleg dobbelt så stor og Monte Venere var ei øy i innsjøen.

Vicosjøen har eit utsig, Rio Vicano.

Han er i dag kjend for den store bøkeskogen, som er ein av dei sørlegaste i Europa. Høgda innsjøen ligg i og dei omliggande sidene i krateret gjev forhold som er kjølige nok for at bøketrea kan vekse her. Ein stor del av nordsida av krateret er ein del av eit naturreservat for å verne skogen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]