Victor-François de Broglie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victor-François de Broglie

Fødd19. oktober 1718
FødestadParis
Død30. mars 1804
DødsstadMünster
Rangmarskalk av Frankrike, generalfeltmarskalk
KonfliktarDen austerrikske arvefølgjekrigen, Sjuårskrigen, Dei franske revolusjonskrigane
Adelstittelhertug

Victor-François de Broglie (19. oktober 171830. mars 1804) var ein fransk aristokrat og soldat, og hadde stillinga marskalk av Frankrike. Han tente med faren François-Marie de Broglie i Parma og Guastalla og i 1734 vart han oberst.

Under den austerrikske arvefølgjekrigen tok han del i storminga av Praha i 1742 og vart gjort brigader. I 1744 og 1745 tente han ved Rhinen og tok over for faren som hertug av Broglie, etter at faren døydde i 1745. Han vart maréchal de camp, og tente så under Moritz av Sachsen i Nederlanda der han var til stades ved Roucoux, Val og Maastricht. Mot slutten av krigen var han vorte generalløytnant.

Under sjuårskrigen tente han først under Louis Charles César Le Tellier-Estrées, Charles de Rohan-Soubise og Contades, og var til stades ved alle slaga frå Hastenbeck og framover. Etter sigeren hans over prins Ferdinand i Bergen (1759) vart han gjort marskalk av Frankrike av kong Ludvig XV og fekk tittelen Reichsfürst av keisar Frans I.

I 1759 vann han slaget ved Bergen og følgde opp dette med å erobre byen Minden. Seinare kjempa han i slaget ved Minden under Contades, som han seinare skulle overta for. I 1760 vann han ved Korbach, men vart slått ved Villinghausen i 1761. Etter krigen fall han i unåde og vart ikkje kalla inn til teneste før i 1778, då han fekk kommando over troppanr som skulle operere mot England. Han spelte ei stor rolle i den franske revolusjonen, som han var sterkt imot. Han kommanderte troppane ved Versailles i juli 1789 og tente kort tid som krigsminister under Ludvig XVI før han flykta frå Frankrike. Etter utflyttinga vart han ein kort stund kommandant for «prinsearmeen» (1792).

Sidan den eldste sonen til hertugen, Charles-Louis-Victor de Broglie, døydde under terrorveldet, vart han etterfølgd av barnebarnet Victor de Broglie. Han døydde i Münster i 1804.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Victor-François de Broglie