Victoria Silvstedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victoria Silvstedt

Fødenamn Karen Victoria Silvstedt
Fødd 19. september 1974 (49 år)
Skellefteå i Sverige
Hårfarge Blond
Øyenfarge Blå
Høgde 1,79 m
Vekt 63 kg
Mål 95-63-97 cm
Yrke fotomodell, songar, skodespelar, fjernsynspersonlegdom
Nettstad www.victoriasilvstedt.com

Karen Victoria Silvstedt (fødd 19. september 1974)[1][2] er ein svensk fotomodell, songar, skodespelar og fjernsynspersonlegdom.[3]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt vart fødd i Skellefteå[2] og vart oppdregen i ein familie på fem i Bollnäs.[3] Ho har ei eldre syster som heiter Veronica og ein yngre bror.[4] Ho var ihuga ryttar, og ynskte å bli veterinær.[5]

Faren til Victoria var leiar for eit lokalt skilag,[6] og ho byrja med alpint i ein alder av fem.[5] Den konkurransedyktige karrieren enda då ho seksten år gammal skadde skuldra under eit skirenn.[3][6]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Modellverksemd[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt deltok i Miss Sverige-konkurransen, og ho vart utvald til å representere landet sitt i Miss World-konkurransen i Sør-Afrika i 1993.[3][7][8] Silvstedt vart teken opp av eit modelleringsbyrå i Paris, og ho byrja å jobbe for ulike prestisjetunge motehus, som Chanel, Christian Dior, Giorgio Armani, Givenchy, Loris Azzaro, og Valentino.[2][3][5] I 2000-åra og 2010-åra har Silvstedt fortsett modellverksemda internasjonalt og blitt vist i ei rekkje blad, mellom anna FHM, Glamour, GQ, Maxim og Vanity Fair, som modell for ulike merke.[2][3][9]

Karriere som skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt har jobba som skodespelar sidan slutten av 1990-åra, då ho dukka opp i Hollywood-seriar som Melrose Place. Silvstedt har òg vore med i ei rekkje komediefilmar inkludert BASEketball, The Independent, Out Cold og Boat Trip.[3][10] Silvstedt har òg hovudrolla i filmar og TV-seriar frå ulike europeiske land, særleg i Italia.

Karriere som songar[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt gav ut eit studioalbum med tittelen Girl on the RunEMI i 1999. Det vart òg gjeve ut tre singlar, «Hello Hey», «Rocksteady Love» og «Party Line».[11] I 2010 gav ho ut den fjerde singlen sin med tittelen «Saturday Night». Silvstedt har sagt at ho elskar å syngje, men at det berre er ein hobby, og at ho ikkje kan sjå seg sjølv gjere ein karriere av det.[6]

Karriere som TV-programleiar[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt har presentert ei rekkje TV-program over heile verda sidan 1990-åra. Ho har presentert underhaldningsprogram og vore programleiar for ei rekkje prisutdelingar. I 2006 byrja Silvstedt å jobbe som vertinne i franske og italienske versjonar av speleprogrammet Wheel of Fortune, og pendla mellom Paris og Roma. I 2010 fekk Silvstedt sitt eige TV-program, Sport by Victoria, på Eurosport under Vinter-OL 2010. Programmet omtalte ulike vintersportar, og det vart gjort både på engelsk og fransk.[12][13]

Reality-serie[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt debuterte med sin eigen reality-serie, Victoria Silvstedt: My Perfect Life, i 2008. Programmet har sidan vorte lansert i heile verda, inkludert Europa, USA, Asia, Australia og Latin-Amerika.[5] Den første sesongen omfattar hennar personlege liv og arbeidsliv, og følgjer henne til Saint-Tropez, Monaco, Cannes, Paris, Roma, London, Helsingfors, Stockholm, Los Angeles og New York. Silvstedt vitjar òg familien sin i Sverige, der ho voks opp.[4][5]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Silvstedt møtte Chris Wragge i 1997, då han intervjua henne for Entertainment Tonight.[14] Dei vart trulova på julaftan 1998 og gifta seg i 2000.[15] Silvstedt og Wragge budde i Santa Monica[14] og Houston i fleire år, før han flytta til New York i 2004.[2] Dei separerte seg i 2007, men har ikkje skilt seg.[16][17]

Victoria Silvstedt snakkar flytande svensk, engelsk, fransk og italiensk.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Girl on the Run (1999)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Rocksteady Love» (1999)
  • «Hello Hey» (1999)
  • «Party Line» (2000)
  • «Saturday Night» (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Playmate data». Henta 24. november 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Expressen, 29. oktober 2004.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Victoria Silvstedt Official Homepage, victoriasilvstedt.com, 8. mai 2010.
  4. 4,0 4,1 Victoria Silvstedt: My Perfect Life TV series, E!, 2008.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Lifestyle Asia, lifestyleasia.com, 10. desember 2008.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Stumped?, Victoria Silvstedt Interview 2004, 8. mai 2010.
  7. Ilta-Sanomat, 22. august 2008
  8. Iltalehti, 29. desember 2009.
  9. Expressen, 6. april 2006.
  10. IMDb Victoria Silvstedt, 8. mai 2010.
  11. 7 Päivää, 28. august 2008.
  12. Ilta-Sanomat, 19. februar 2010.
  13. Sport by Victoria, Eurosport, 13.–28. februar 2010.
  14. 14,0 14,1 Aftonbladet, 21. mai 1999.
  15. Aftonbladet, 2. januar 1999.
  16. Ilta-Sanomat, 27. august 2007.
  17. Glamour (Sverige), november 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]