Vidar Lande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om musikaren. For politikaren, sjå Politikaren Vidar Lande.
Vidar Lande

Fødd19. januar 1949 (75 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarSpellemannprisen i folkemusikk/gammeldans

Vidar Lande (fødd 19. januar 1949) er ein norsk folkemusikar med filosofisk utdanning. Han voks opp i Aust-Agder og har utdanning frå Noreg og Canada.

Lande har arbeidd i vidaregåande skole, og undervist som førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Telemark. Han arbeidde sine siste yrkesaktive år som professor i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark. Vidar Lande gav ut mange musikkinnspelingar med lokal folkemusikk frå slutten av 1970-talet. For dobbel-CD-en Sordølen fekk Lande, saman med songaren Gunhild Tømmerås, Spellemannprisen 2004. Han har elles arbeidd med musikk etter reisande på Agder, og har mange skriftlege publikasjonar om folkemusikalske og filosofiske emne (mellom anna i eksistensfilosofi, religionsfilosofi, etikk og estetikk).

Landes praktiske folkemusikalske verksemd var i størst grad retta mot rekonstruksjon av spelestilar i Setesdals- og Agder-området. Heile 6 solo CD-ar er laga med dette føremålet. Han har i denne samanhengen også transkribert store delar av den instrumentale folkemusikken i Agder og Telemark. Ein del transkripsjonar er tilgjengelege i Slåttar og spelemenn i Bygland: Norsk folkemusikksamling, 1983, og Otto Furholt: Slåttar (Kristiansand spelemannslag, 2001).

Vidar Lande har vore mykje nytta i kulturelle program, både i Noreg og i utlandet. Han hadde alltid hatt eit internasjonalt siktemål med arbeidet sitt i folkemusikk, og blei soleis Noregs representant i Unesco-utgjeving i 1996: UNESCO COLLECTION, CDen: NORWAY. Fiddle music from Agder. Musique folklorique de l'Agder pour violon.