Vidar Bjørnstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vidar Bjørnstad (fødd 1. september 1955) er ein Arbeidarparti-politikar frå Tolga i Hedmark. Han var stortingsrepresentant for Akershus frå 1993 til 2009.

Bjørnstad arbeidde i Amnesty International 1984–85 og i LO frå 1985 til –93, mellom anna i to år som personleg sekretær for leiaren av LO. I 1993 vart han vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Akershus fylke, og vart deretter attvald tre gongar. I sin fyrste periode på Stortinget var han medlem av sosialkomiteen, i den andre nestleiar av justiskomiteen. Perioden 2001-05 var han medlem av kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen, medan han i sin siste periode var medlem av utanrikskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]