Vienne i Isère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fleire tydingar av namnet, sjå Vienne (fleirtyding)
Vienne
by
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Auvergne-Rhône-Alpes
Departement Isère
Del av Isère
Høgd 169 m
Areal 22,65 km²
Folketal 29 930  (1999)
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 38200
Kart
Vienne i Isère
45°31′32″N 4°52′29″E / 45.525555555556°N 4.8747222222222°E / 45.525555555556; 4.8747222222222
Wikimedia Commons: Vienne (Isère)

Vienne (frankoprovensalsk Vièna) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Isère i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 30 000 innbyggjarar.

Vienne var viktig for det tidlege bispesete i det kristne Gallia. Det mest vidkjende biskopen i byen var Avitus av Vienne. Ved kyrkjemøtet i Vienne, som vart halde her i oktober 1311, forbydde pave Klemens V den militære Tempelriddarordenen det påfølgjande året.

Ei bru går frå byen til høgresida av elva Rhône der det industrialiserte området Ste Colombe no okkuperer delar av oldtidsbyen. Her er eit tårn, bygd i 1349 av Philip av Valois for å forsvare den franske sida av Rhône, som må skiljast frå den venstre sida av elva som høyrte til kongedømmet Provence, som var avhengig av det heilage romerske imperiet. Dette sambandet har òg eit ekko i namnet på landsbyen St. Romain en Gal som ligg nordvest for Ste Colombe.

Vienne er mest kjend for sin årlege jazzfestival som vart halde i det gamle romerske teateret i juli.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vienne i Isère