Vierfink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vierfink

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Urocynchramidae
Slekt: Urocynchramus
Art: U. pylzowi
Vitskapleg namn
Urocynchramus pylzowi
Przhevalsky, 1876

Vierfink, Urocynchramus pylzowi, er ein uvanleg fugleart i høgtliggande område i det sentrale til vestlege Kina. Dette er ein art utan nærskylte og er si eiga slekt Urocynchramus plassert i eigen distinkte familie Urocynchramidae av sporvefuglar.

Han er ein liten fugl som liknar langhalefink i utsjånad. Vierfink viser kjønnsdimorfisme, hannane skil seg frå hofuglar med lys rosa farge på halsen, brystet og buken. Begge kjønna har lang stjert, brune striper på rygg og venger. Nebbet er tynnare enn hos rosenfinkar. Det sterkaste morfologiske trekket som skil denne arten frå rosenfinkar finn ein i dei ytre primærfjørene. Hos finkar og busksporvar er desse fjørene degenererte, men hos vierfink har dei to tredelar av lengda til neste primære.

Vierfink lever i ei høgd på mellom 3050 og 5000 moh., vanlegvis parvis i hekkesesongen, og i små flokkar om vinteren. Den russiske oppdagaren Nikolai Przhevalsky var den første som skildra denne arten og han skildra songen som liknande songen av busksporvar. Arten har ikkje vorte studert mykje i naturen, og det er lite kunnskap om åtferda hans. Han er ikkje tenkt å vere trua av menneskeleg aktivitet og er oppført med status livskraftig av IUCN.

Den taksonomiske slektskapen var uklår i lang tid. Groth (2000) foreslo at arten korkje er fink eller busksporv, men einaste medlemmen i Urocynchramidae,[1] og denne endringa vart tatt med i den sjette utgåva av Clementslista.[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Groth, J (2000). "Molecular evidence for the systematic position of Urocynchramus pylzowi." The Auk 117(3): 787-792.
  2. Clements, J. F. (2007) The Clements Checklist of Birds of the World ISBN 978-0-8014-4501-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]