Vierslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vierslekta


Salix alba 'Vitellina-Tristis'Morton Arboretum acc. 58-95*1
Salix alba 'Vitellina-Tristis'
Morton Arboretum acc. 58-95*1

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Malpighiales
Familie: Salicaceae
Tribus: Saliceae[1]
Slekt: Salix
Vitskapleg namn
Salix
Raudvier S. purpurea
Vier

Vierslekta (Salix) er ei planteslekt i familien vierfamilien og veks som tre, buskar, ris eller urteaktige dvergbuskar. Slekta har kring 400 artar. Vieren har gråaktig bark som er glatt eller fura og veden har ofte åsar under barken. Vinterknoppane er dekte med eit skal og blada er spreidde, enkle og rundtakka eller fint sagtakka. Vieren er særbu med blomstrane samla i akslike heng.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vieren veks i hovudsak i tempererte område på den nordlege halvkula. Det finst om lag 30 artar i Noreg og 24 artar i Sverige og dei fleste finst i nord. Dei mest kjende artane i Noreg og Sverige er selje (S. caprea), gråvier (S. cinerea) og skjørpil (S. fragilis). Vieren er vanskleg å artbestemme når ein har hybridar. Fleire dyrka arter har blittt naturalisert, til dømes kvitpil (S. alba), raudvier (S. purpurea) og korgvier (S. viminalis). Lokalt har planting av pilevallar vore vanleg, først og fremst i Skåne der trea utgjer eit kjenneteiken for landskapet. I Skåne finst bandpil, Salix amygdalina (Bygdemål Grönpil [2]) og bandvier, Salix lanceolata.

Hybrider[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg med hybrider i slekta. Desse er ofte fertile og kan gjere det vanskeleg å bestemme arten. Somme tider finn ein hybridar med både tre og fire artar innblanda. Ungskott og sterile eksemplar kan mange gongar vere umoglege å identifisere med visse.

Artar i Norden[endre | endre wikiteksten]

Vitskapleg namn Norsk Svensk Dansk
Salix aegyptiaca Fløyelsselje
Salix alba Kvitpil Vitpil Hvid-Pil
Salix alba vitellina Gullpil
Salix arbuscula Småvier Risvide Busk-Pil
Salix arctica Tundravier Arktisk Pil
Salix ×arctogena Trippelvier
Salix aurita Øyrevier/ørevier Bindvide Øret Pil
Salix babylonica Babylonpil
Salix bebbiana Finnmarksvier
Salix bicolor Gullvier
Salix ×calodendron Fagervier/Dunvier
Salix caprea Selje Sälg Selje-pil
Salix caprea ssp. sericea Silkeselje
Salix cinerea Gråselje Gråvide Grå-Pil
Salix daphnoides Doggpil/påskepil Daggvide Dug-Pil/Pommersk Pil
Salix daphnoides ssp. acutifolia Plommepil
Salix dasyclados Fløyelsvier
Salix ehrhartiana Elvepil
Salix elaeagnos Dunpil Flod-Pil
Salix fragilis Skjørpil Knäckepil Skør-Pil
Salix glauca Sølvvier/Myrvier Ripvide Blågrå Pil
Salix glauca ssp. stipulifera Russevier
Salix hastata Bleikvier Blekvide Spyd-Pil
Salix herbacea Musøyre/Musøre Dvärgvide Dværg-Pil
Salix lanata Ullvier Ullvide Uld-pil
Salix lanata ssp. glandulifera Kjertelvier
Salix lapponum Lappvier Lappvide Laplands-Pil
Salix matsudana Koreansk Pil
Salix xmeyeriana Blankpil
Salix xmollissima Flettepil
Salix myrsinifolia Svartvier Svartvide
Salix myrsinifolia ssp. borealis Setervier Sæter-Pil
Salix myrsinifolia ssp. kolaënsis Kolavier
Salix myrsinites Myrtevier Glansvide Blåbær-Pil
Salix myrtilloides Blokkevier Odonvide Myrte-Pil
Salix nummularia Sibirvier
Salix xpendulina Fontenepil
Salix pentandra Istervier Jolster Femhannet Pil
Salix phylicifolia Grønvier/Grønnvier Grönvide Tofarvet Pil
Salix polaris Polarvier Polarvide Polar-Pil
Salix purpurea Raudpil/rødpil Rödvide Purpur-Pil
Salix repens Krypvier/Heivier Krypvide Krybende Pil
Salix repens var. nitida Sandvier
Salix repens subsp. rosmarinifolia Rosmarin-Pil
Salix reticulata Rukkevier/Rynkevier Nätvide Net-Pil
Salix xrubens Grønnpil
Salix ×rubra Silkerødpil
Salix salvifolia Vitvide
Salix xsepulcralis Sørgepil
Salix xsmithiana Namdalspil
Salix starkeana Blåvier Ängsvide Ellebladet Pil
Salix starkeana ssp. cinerascens Finnmarksvier
Salix stipularis Spissøyrevier/Spissørevier
Salix triandra Mandelpil Mandelpil Mandel-Pil
Salix uva-ursi Melbær-Pil
Salix viminalis Korgpil/Kurvpil Korgvide Bånd-Pil

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Genus Salix (willows)». Taxonomy. UniProt. http://www.uniprot.org/taxonomy/40685. Henta 2010-02-04. 
  2. Johan Ernst Rietz: Svenskt dialektlexikon, Gleerups, Lund 1862—1867, faksimilutgåva Malmö 1962], sida 215 [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [2] Den virtuella floran - Viden


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vierslekta