Viersporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viersporv
Viersporv, hannfugl
Viersporv, hannfugl
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: CR Kritisk trugaUtbreiinga av viersporv
Utbreiinga av viersporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Emberiza
Art: Viersporv E. rustica
Vitskapleg namn
Emberiza rustica

Viersporv (Emberiza rustica) er ein fugl i busksporvfamilien som lever i fuktige habitat i den nordlege barskogregionen frå Skandinavia i vest til Anadyr og Kamtsjatkahalvøya i aust. Arten er relativt ny i Noreg, men storeiken på populasjonen er sterkt minkande og arten er derfor klassifisert som nasjonalt kritisk truga.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Viersporv, vaksen hann og hofugl
Foto: Kjetil Hansen
Habitat for viersporvar i Hedmark
Foto: Kjetil Hansen

Viersporvar har kroppslengd på 13-14,5 cm, omtrent som sivsporven. Kroppsvekta er ca. 16-24 gram. Vaksne hannar er umiskjennelege med sitt svarte hovud, kraftige, kvite augebrynstripe, eit breitt, rustbrunt bryst og nakkeband, og dessutan svarte øyredekkarar med ein tydeleg markert kvit flekk. Hoene er meir nøytralt farga i brunt, og skiljast frå sivsporv på rustbrunt bryst og nakkeband, ustreka, rustbrun overgump, rustbrune kroppssider, heilt kvit buk, kvite vengband, rosa undernebb og rosaaktige bein.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

I kjernebestanden frå Finland og austover kan arten treffast i nær sagt alt slags fuktig barblandingsskog i tilknyting til myr, men tettleiken er størst på grandominerte myrar. I Hedmark og sør i Sverige har arten viktigaste hekkemiljø knytt til tett, lauvrik sumpgranskog langs stilleflytande vassdrag i myrlendt terreng. Typisk er skogbotn med vatn ståande mellom tuene store delar av hekketida. Beverdammar utgjer ein betydeleg del av habitata i dei delane av utbreiingsområdet til arten som ligg lengst sørvest i Noreg. Arten finst sjeldan over 600 meter over havet.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Viersporvar er hovudsakleg frøetarar, men i hekketida et dei òg insekt og edderkoppdyr. Virvellause dyr knytet til vatn synest å vere viktig. Ungane blir mata med blant anna sommarfugllarvar, mygg og plantekvefsar. Viersporven søkjer mest føde på bakken.[2]

Trekk og overvintring[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei fleste andre artar som trekkjer sørover om hausten frå Skandinavia, trekker viersporven austover. Overvintringsområdet er hovudsakleg Japan, men òg søraustlege Kina og Koreahalvøya.[3]

Utvikling av populasjonar og status[endre | endre wikiteksten]

Arten har nyleg innvandra frå aust frå eit utbreiingsområde som i 1880 stod halvveges inn i Finland, og som nokre tiår seinare hadde nådd Jämtland i Midt-Sverige. Første hekkefunn i Noreg vart gjort så seint som i 1960. I Noreg og i Sør-Sverige, var truleg bestanden på topp på 1980- og 1990-talet, men etter ca. tusenårsskiftet har arten gått kraftig tilbake over heile Fennoskandia. Statusen til arten i Russland, der størstedelen av hekkepopulasjonen finst, er uklår.[3]

I Finland har viersporvbestanden gått kraftig attende etter ca. 1945. Bestanden var i 2012 redusert med ca. 70 % målt mot storleiken i 1980.

I Sverige er òg bestanden markert redusert etter tusenårsskiftet.

I Noreg var populasjonen estimert til mellom 100 og 500 hekkande par i 1994.[2] Per 2011 er storleiken estimert til 15-20 par i Hedmark.[4] Det blei ikkje registrert observasjonar av arten i Artsobservasjoner i 2015.[5] Ein trur forklaringar for den store reduksjon i populasjonen i Fennoskandia kan søkjast i omstende ved trekk- og overvintringsområda.[3]

Globalt trur ein at populasjonen av viersporv har minka med 75 til 87 % i perioden 1984 til 2014. Ein ser dette i samanheng med ulovleg fangst på sibirsporv i Kina.[2] Sibirsporven er klassifisert som globalt sterkt truga, EN, mens viersporv framleis er klassifisert som livskraftig, LC av IUCN.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av vierspurv Emberiza rustica for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. 2,0 2,1 2,2 Copete, J.L., Garcia, E.F.J. & Sharpe, C.J. (2016). Rustic Bunting (Emberiza rustica) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. juni 2016
  3. 3,0 3,1 3,2 Dale, Svein, Hansen, K., Population decline in the Rustic Bunting Emberiza rustica in Norway, Ornis Fennica 90:193–202. 2013
  4. Vierspurv - informasjonsside Fylkesmannen i Hedmark, 20. fenruar 2016. Henta 20. juni 2016
  5. Søk på artsobservasjoner.no den 20. juni 2016
  6. BirdLife International (2016) Species factsheet: Emberiza rustica. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juni 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Viersporv