Vierwaldstättersjøen
| Luzernsjøen Vierwaldstättersee |
|
|---|---|
|
|
|
|
|
|
| Stad | Sentral-Sveits |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | Reservoar |
| Tilsig | Reuss Sarner Aa Engelberger Aa Muota |
| Utsig | Reuss |
| Tilsigsområde | 2124 km² |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 30 km |
| Overflateareal | 113.6 km² |
| Middeldjupne | 104 m |
| Største djupne | 214 m |
| Vassvolum | 11,8 km³ |
| Hydraulisk opphaldstid | 3,4 år |
| Kystlengd1 | 143,7 km |
| Høgd over havet | 433 moh |
| Øyar | Altstad-Insel |
| Busetnadar | Luzern (see article) |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Vierwaldstättersjøen (tysk Vierwaldstättersee) eller Luzernsjøen er ein innsjø i Sveits. Innsjøen har fått namnet sitt fordi fire ulike kantonar, dei såkalla skogskantonane, ligg ved breiddene av han. Dei fire kantonane er Uri, Unterwalden, Schwyz og Luzern. Innsjøen er den fjerde største i landet.
Innsjøen vart danna av Reussgletcher mot slutten av siste istida, for kring 12 000 år sidan. Frå Gotthard-massivet flyt elva Reuss mot innsjøen og fører med seg store mengder grus og silt. Elvedeltaet har sidan istida flytta seg 10 km mot nord ut i fjordarma Urnersee. Han har eit areal på 114 km² og ligg 434 moh. Den største djupna er 214 meter og volumet er 11,8 km³. Mykje av breidda stig bratt opp til fjell opp til 1500 meter over havet kring innsjøen.
Innsjøen er ein populær turistdestinasjon og det går ein kronglete veg kring innsjøen. Mange dampbåtar går mellom dei forskjellige byane ved innsjøen. I tillegg ligg enga Rütli, som er den tradisjonelle staden der ein reknar at Sveits vart grunnlagd, på søraustsida av innsjøen.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Mange av dei eldste busetnadane i Sveits ligg langs innsjøen, som Küssnacht, Weggis, Vitznau, Gersau, Brunnen, Altdorf, Buochs og Treib.
Busetnader [endre]
| Vestsida ¹ | Austsida |
|---|---|
|
|
¹ Ved utløpet til Reuss: den vestlege, seinare sørlege breidda.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lake Lucerne» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]