Vietnamesisk nyttår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nyttårsdekorasjon i Ho Chi Minh-byen.
Foto: Thang Nguyen
Hoa mai (Ochna integerrima) pynta som nyttårstre til vietnamesisk nyttår.

Vietnamesisk nyttår, Tết Nguyên đán eller berre Tếtvietnamesisk, er ei nyttårfeiring som fell på same dag som kinesisk nyttår, seint i januar eller tidleg i februar. Feiringa varer i minst tre dagar. Mange av skikkane i kinesisk og vietnamesisk tradisjon minner om kvarande, men nokre av dei er særeigne for vietnamesisk kultur.

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

I følgje tradisjonen forlet dei tre husgudane familien dei bur hjå den 23. dagen i den siste månaden av året for å avleggja rapport hjå jadekeisaren. Denne dagen kan familien derfor halda ein liten seremoni der dei brenn gullpapir og gjev gudane ein karpe til å ri på og nistemat for dei sju dagane dei er vekke.

Før nyttårsfeiringa er det vanleg å vaska og kanskje måla huset, kjøpa nye klede og betala ned lån, slik at ein møter det nye året på best mogleg måte. Fleire dagar før nyttår tek ein òg til med å laga den spesielle nyttårsmaten. Medan ein lagar dei spesielle rettane er det vanleg å fortelja om korleis dei blei til, og kvifor ein et dei til tet. Like før feiringa blir huset dekorert med blomar og offer til forfedrane.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Det nye året byrjar ved midnatt, og blir gjerne markert ved å tenna på fyrverkeri. Dagen etter samlar familiar seg. Ungar får nye klede og gjev tradisjonelle tet-helsingar til dei vaksne i familien, som gjev dei lykkebringande pengar i raude konvoluttar. Pengane kan brukast til kva som helst, som leiketøy eller pengespel.

Som mange andre nyttårsfeiringar er tet ein dag der teikn for framtida er viktige. Ein kan ikkje feia på denne dagen, ettersom det vil seia at ein feiar vekk lukka. Folk vil heller ikkje gå inn i eit hus om dei ikkje er blitt inviterte, ettersom dei reknar med at den første som vitjar på denne dagen ber bod om kva som vil skje i det nye året. I Sør-Vietnam er det vanleg å leggja fruktene annona, kokosnøtt, papaya og mango på husalteret for å be om å ha nok i det nye året. Dei vietnamesiske namna for desse fruktene er mãng cầu, dừa, đu đủ og xoài, som likner på cầu vừa đủ xài, «me ber for nok» på den sørlege dialekten.

I dei neste dagane vitjar ein slektningar og tempel, der ein kan bli spådd. Det blir arrangert drake- og løvedansar for å skremma vekk vonde ånder, og det er mykje folkeliv og underhaldning i gatene.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Steikt bánh tét.

An tet, «å eta tet», er ein viktig del av høgtida. Dei mange dagane med matlaging ender med ein storslagen fest med mange ulike rettar. Kva rettar ein serverer kjem an på kor ein er i landet, men overalt finn ein mange ulike rettar, som supper, stuingar og steikt og kokt mat, og med ulike ingrediensar, som kjøt, fisk og grønsaker.

Særskilde rettar for dagen er i søre bánh trang, risvaffel, og bánh tét, ei rund riskake av ein særskild klissen ris, og i nord bánh chung, ei firkanta kake laga med grøne bøner, svinekjøt, og det same klisne risslaget. Bánh chưng er ein næringsrik rett som skal skapa harmoni i kroppen til den som et han.

Andre spesialitetar er svinelabbstuing med tørka bambusskot og karpe i salt saus i nord, og svin i kokosmjølk og bønneskot sylta med purre og rotfrukter i sør.

Helsingar[endre | endre wikiteksten]

Skriving av nyttårshelsingar.

Den vanlege nyttårshelsinga er «chúc mừng năm mới» ('godt nyttår' på vietnamesisk), eller den kantonesiske helsinga «cung hỉ phát tài».

Det er òg vanleg å laga helsingar i cau doi, eller parallell. Dette er ei gammal diktform av kinesisk opphav der ein skriv to setningar eller vers med det same talet stavingar og likt tonemønster. Dei to setningane uttrykker noko som har med naturen eller livet å gjera, og uttrykker gjerne moralske eller gode ønske for alle. Dei skal utfylla kvarandre, anten ved å stå i kontrast eller svara til kvarandre.

Under nyttårsfeiringa skriv ein desse dikta på to raude papir og heng dei opp ved porten, på to søyler eller ved husalteret.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Tet-åtaket var eit blodig åtak frå Viet Cong mot amerikanske og sør-vietnamesiske mål under nyttårsferinga i 1968. Åtaket bidrog til å svekka den amerikanske viljen til å fortsetja Vietnamkrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vietnamesisk nyttår